Semestre
IPA115 Kommunal økonomi
Ingen
Emnet kan takast som valfritt emne for studentar som skal ta bachelor i planlegging og administrasjon. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene ved rekneskap, økonomiplan og budsjett. Om emnet får få studentar, kan studiet verte nettbasert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om
- intern økonomisk styring av kommunar
- styring og styringsreiskapar
- regelverk, rammevilkår og rutinar
- økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar
Studenten skal kunne
- analysere og forstå kommunaløkonomiske tema
- reflektere fagleg kring sentrale omgrep og kunne bruke desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar
- Undervisning etter avtale med faglærar
- Nettleksjonar
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.
Ei heimeoppgåve (om lag 5000 ord) med tema og problemstilling gitt av faglærar. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva. Arbeidskravet må vere godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Endeleg versjon av oppgåva, sjå "Arbeidskrav", skal leverast. | Maks. 5000 ord. |