Semestre

IPA115 Kommunal økonomi

Emnekode: 
IPA115
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet kan takast som valfritt emne for studentar som skal ta bachelor i planlegging og administrasjon. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene ved rekneskap, økonomiplan og budsjett. Om emnet får få studentar, kan studiet verte nettbasert.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om

  • intern økonomisk styring av kommunar
  • styring og styringsreiskapar 
  • regelverk, rammevilkår og rutinar 
  • økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere og forstå kommunaløkonomiske tema
  • reflektere fagleg kring sentrale omgrep og kunne bruke desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Undervisning etter avtale med faglærar
  • Nettleksjonar
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
  • Diskusjonsforum på nettet

Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ei heimeoppgåve (om lag 5000 ord) med tema og problemstilling gitt av faglærar. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva. Arbeidskravet må vere  godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
0
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Håkon Bø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg versjon av oppgåva, sjå "Arbeidskrav", skal leverast.
Maks. 5000 ord.
Godkjent av: 
Randi Bergem 18.02.2021