Semestre

IPA115-AVG Kommunal økonomi (nettstudium med studieavgift)

Emnekode: 
IPA115-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet passar bra for leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt på dette saksfeltet. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene ved rekneskap, økonomiplan og budsjett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal har kunnskap om 

  • intern økonomisk styring av kommunar
  • styring og styringsreiskapar 
  • regelverk, rammevilkår og rutinar 
  • økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • analysere og forstå kommunaløkonomiske tema
  • reflektere fagleg kring sentrale omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Nettleksjonar 
  • Streaming av forelesingar
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav 
  • Diskusjonsforum på nettet

Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ei heimeoppgåve (inntil 5000 ord) med tema og problemstilling gitt av faglærar. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva. Arbeidskravet må vere vurdert til å ha innhald som er godkjent for å kunne gå opp til eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Håkon Bø
Studieavgift

Kr 4.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon, einskildemne (avgiftsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg versjon av oppgåva, sjå "Arbeidskrav", skal leverast.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve på maks. 5000 ord (endeleg versjon av oppgåva, sjå "Arbeidskrav").
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.02.18