Semestre

IPA115-AVG Kommunal økonomi (nettstudium med studieavgift)

Emnekode: 
IPA115-AVG
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet kan takast som sjølvstendig vidareutdanning på bachelornivå. Det kan også takast som valfritt emne for studentar som skal ta bachelor i planlegging og administrasjon. Opplegget passar bra for leiarar, tilsette, folkevalde, journalistar og andre som ynskjer kompetanse og innsikt på dette saksfeltet. Emnet er retta mot å få kunnskap om dei prosessuelle sidene, meir enn dei tekniske sidene ved rekneskap, økonomiplan og budsjett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Emnet gir kunnskap om 

  • intern økonomisk styring av kommunar
  • styring og styringsreiskapar 
  • regelverk, rammevilkår og rutinar 
  • økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og årsmeldingar
Ferdigheiter

Studenten kan analysere og forstå kommunaløkonomiske tema, reflektere fagleg kring sentrale omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte.

Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskap om kommunal økonomi og vere i stand til å drøfte sentrale aspekt i ein fagleg samanheng. Studenten kan vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar
  • Nettleksjonar. 
  • Streaming av enkelte forelesingar.
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav. 
  • Diskusjonsforum på nettet.

Det elektroniske klasserommet Fronter vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet startar med ei innføring i bruken av Fronter.

For lokale studentar er der noko klasseroms-/seminarundervisning.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ei heimeoppgåve (inntil 5000 ord) med tema og problemstilling gitt av faglærar. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva. Arbeidskravet må vere vurdert til å ha innhald som er godkjent for å kunne gå opp til eksamen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Håkon Bø
Studieavgift

Kr 4.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon, einskildemne (avgiftsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Innlevering skjer elektronisk.
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve på maks. 5000 ord (endeleg versjon av oppgåva, sjå "Arbeidskrav").
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16