Semestre

IPA171KURS Grunnleggande innføring i leiing

Emnekode: 
IPA171KURS
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Lukka for deltakarar på leiarkurs i samarbeid med eksterne partnarar.

Om emnet

Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål knytt til leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar knytt til leiing og til leiarar sin situasjon i verksemder. 

Ferdigheiter

Studenten har ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar knytt til leiing av medarbeidarar og kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar.

Generell kompetanse

Studenten kan vurdere praktiske problemstillingar ein møter som leiar ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I samarbeid med eksterne aktørar går undervisninga i emnet over to semester, med 8 samlinga på 3 timar i kvart av semestera. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper.Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

I samarbeid med den eksterne samarbeidspartnaren vert det for kvart kurs gjort avtale om innhald i ei mappe som studenten skal levere som arbeidskrav. Relevante element i mappa kan vere korte innleveringsoppgåver, gruppeoppgåver, refleksjonsnotat, prosjektskisser m.m. Det vert gitt tilbod om rettleiing til dei ulike elementa. Innhaldet i mappa må vere godkjent før framstilling til eksamen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Magnar Hjertenæs
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnleggande innføring i leiing
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
2 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Etter nærmare avtale med ekstern samarbeidspartnar vil eit eller fleire av elementa i arbeidskravet inngå i eksamensmappa.
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16