Semestre
IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode
Dette emne gjev ein introduksjon til vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode. I emnet tek ein opp sentrale grunnlagsproblem i tileigninga av kunnskap. Emnet gjev vidare ein systematisk gjennomgang av vitskaplege arbeidsmåtar og samfunnsvitskapleg metode. Det vert innføring i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis, med vekt på å kunne tolke, forstå og vurdere vitskaplege undersøkingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av:
dei sentrale vitskapsteoretiske spørsmåla, og korleis kunnskap vert skap og brukt i samfunnet
fasane i den samfunnsvitskaplege forskingsprosessen, frå utvikling av problemstillingar til drøfting og presentasjon av funn
ulike kvalitative og kvantitative data og metodar som dokumentanalyse, intervju, feltarbeid, survey og registerdata
grunnleggande prinsipp for å tolke og vurdere resultata frå undersøkingar
Studenten skal ha ferdigheiter til å:
reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar i arbeidet med vitskapleg aktivitet
gjennomføre mindre datainnsamlingar av empirisk materiale, både kvalitative og kvantitative data
tolke, forstå og vurdere resultat frå kvalitative og kvantitative undersøkingar
presentere resultat frå eigne undersøkingar
Studenten skal:
kunne reflektere rundt kva som er «sann kunnskap»
kunne reflektere rundt etiske og praktiske spørsmål som gjeld innsamling og bruk av data
kunne diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar
Undervisninga går i haustsemesteret, og vil vere sett saman av førelesingar, praktiske arbeidsoppgåver i metode som skal løysast individuelt og i grupper, gruppediskusjonar, individuell oppgåveskriving og drøftingar i plenum.
Fire individuelle arbeidskrav som vert gjenomført i løpet av semesteret.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Planlegging og administrasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |