Semestre

IPA172 Vitskapsteori og samfunnsvitskapleg metode

Emnekode: 
IPA172
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
IPA111 Samfunnskunnskap
IPA112 Forvaltningskunnskap
Om emnet

Emnet er todelt. Første del gir ein introduksjon til vitskapsteori, og handsamar sentrale grunnlagsproblem i tileigninga av kunnskap som positivisme, årsaksforklaringar, rasjonalitet, hermeneutikk, falsifisering og paradigmeskifter. Andre del gir ein systematisk gjennomgang av vitskaplege arbeidsmåtar og samfunnsvitskapleg metode. Det vert innføring i konkrete forskingsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis, med vekt på å kunne tolke, forstå og vurdere vitskaplege undersøkingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Det er eit mål at studenten skal ha kunnskap om og forståing av:

  • dei sentrale vitskapsteoretiske spørsmåla, og korleis kunnskap vert skap og brukt i samfunnet

  • fasane i den samfunnsvitskaplege forskingsprosessen, frå utvikling av problemstillingar til drøfting og presentasjon av funn

  • ulike kvalitative og kvantitative metodar som dokumentanalyse, intervju, feltarbeid, survey og registerdata

  • grunnleggande prinsipp for å tolke og vurdere resultata frå undersøkingar

Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten har ferdigheiter til å:

  • reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar i arbeidet med vitskapleg aktivitet

  • gjennomføre mindre datainnsamlingar av empirisk materiale, både kvalitative og kvantitative data

  • tolke, forstå og vurdere resultat frå kvalitative og kvantitative undersøkingar

  • presentere resultat frå eigne undersøkingar

Generell kompetanse

Det er eit mål at studenten generelt skal:

  • kunne reflektere rundt kva som er «sann kunnskap»

  • kunne reflektere rundt etiske og praktiske spørsmål som gjeld innsamling og bruk av data

  • kunne diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar

     

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går i haustsemesteret, og vil vere sett saman av førelesingar, praktiske arbeidsoppgåver i metode som skal løysast individuelt og i grupper, gruppediskusjonar, individuell oppgåveskriving og presentasjon av oppgåver i plenum. Det vert gjeve tilbod om rettleiing i samband med arbeidsoppgåver og oppgåveskriving.

 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til praktiske arbeidsoppgåver i metode og presentasjonar i plenum.

 

Arbeidskrav:

Arbeidsoppgåver og presentasjonar skal vere godkjent.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
12
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Magnar Hjertenæs
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Planlegging og administrasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 15.03.17