Semestre

IPA250 Bacheloroppgåve i samfunnsutvikling

Emnekode: 
IPA250
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Fullført 2. studieår i bachelor i samfunnsutvikling med 30 studiepoeng valfrie emne.

Godkjente arbeidskrav i PLA231 og GOV231.

Om emnet

Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve med ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet knytt til spesialisering i anten samfunnsstyring/governance, planlegging eller prosessleiing.

Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av vitskapleg teori og forskingsmetodar knytt til eige forskingsarbeid. I dette ligg det at studenten skal:

  • Kjenne til vitskapsteoriske perspektiv på korleis kunnskap vert skapt og brukt i samfunnet
  • Kunne forstå og bruke relevante forskingsmetodar
  • Kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • Formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan eit av dei tre fagområda i samråd med rettleiar
  • Finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
  • Finne fram til relevant litteratur og teori
  • Samle inn data og analysere desse
  • Formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
  • Meistre sentrale element i akademisk skriving
Generell kompetanse

Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over sterke og svake sider ved forskingsarbeidet.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisning i emnet er lagt opp med samlingar undervegs i semesteret, og har som mål å støtte studentane i dei ulike stega av forskings- og skriveprosessen. Det vert lagt opp til diskusjonar med utgangspunkt i status og utfordringar for studentane sine eige arbeid på samlingane.

Studentane får rettleiing undervegs i semesteret.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane skal levere 3 arbeidskrav. Formålet med arbeidskrava er å sikre progresjon i gjennomføringa av bacheloroppgåva. Detaljar kjem fram av semesterplanen.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Ellen Strøm Synnevåg
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsutvikling - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle.
Sjå semesterplanen.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100 %
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid
100%
15 stp.