Semesters
IPA250 Bacheloroppgåve i samfunnsutvikling
Fullført 2. studieår i bachelor i samfunnsutvikling med 30 studiepoeng valfrie emne.
Godkjente arbeidskrav i PLA231 og GOV231.
Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve med ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet knytt til spesialisering i anten samfunnsstyring/governance, planlegging eller prosessleiing.
Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av vitskapleg teori og forskingsmetodar knytt til eige forskingsarbeid. I dette ligg det at studenten skal:
- Kjenne til vitskapsteoriske perspektiv på korleis kunnskap vert skapt og brukt i samfunnet
- Kunne forstå og bruke relevante forskingsmetodar
- Kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- Formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan eit av dei tre fagområda i samråd med rettleiar
- Finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
- Finne fram til relevant litteratur og teori
- Samle inn data og analysere desse
- Formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
- Meistre sentrale element i akademisk skriving
Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over sterke og svake sider ved forskingsarbeidet.
Undervisning i emnet er lagt opp med samlingar undervegs i semesteret, og har som mål å støtte studentane i dei ulike stega av forskings- og skriveprosessen. Det vert lagt opp til diskusjonar med utgangspunkt i status og utfordringar for studentane sine eige arbeid på samlingane.
Studentane får rettleiing undervegs i semesteret.
Studentane skal levere 3 arbeidskrav. Formålet med arbeidskrava er å sikre progresjon i gjennomføringa av bacheloroppgåva. Detaljar kjem fram av semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle. | Sjå semesterplanen. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid | 100% | 15 stp. |