Semestre
IPA302 Prosessleiing i samfunn og organisasjonar
Ingen krav til forkunnskap i form av fullførte emne.
Brei deltaking blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Bruken av kommunikative metodar som idedugnad, kreativ problemløysing osv. i plan- og utviklingsarbeid har som formål å skape gruppeprosessar som fremmar demokrati, deltaking, dialog, kreativitet m.m. og som gir forankring av og forplikting til dei løysingane ein kjem fram til.
Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i utfordringar og utviklingsprosessar som deltakarane sjølv har. Studentane jobbar med praktiske døme på korleis dei designar prosessar for utvikling i samfunn og organisasjonar.
Målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne utviklingsoppgåver i ulike samanhengar. Det er difor ønskeleg at studentane har gjennomført eitt eller fleire av desse masteremna: Regional planlegging og utvikling, Offentleg organisering og leiing, Leiing og personalutvikling, Meistring og myndiggjering eller tilsvarende emne, og at dei er vane med å formulere relevante planproblem og har god teoretisk kunnskap til det emnet planproblemet tilhøyrer.
Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg arbeid på desse felta.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng.
- Til proaktivt praktisk utviklingsarbeid og prosjektarbeid.
- Til sjølv å bruke eigna kommunikative metodar i organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid.
- Til kritisk vurdering av ulike modellar og "oppskrifter" for medverknads- og planprosessar i samfunn og organisasjonar.
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane utvikle:
- Evne til kritisk refleksjon over andre si rolle i gruppeprosessar.
- Evne til kritisk refleksjon over eigen rolle, kunnskap, ferdigheiter og haldningar og verdiar.
- Praktisk handlingskompetanse i å lage planprogram og planstrategiar, og å designe og leie utviklingsprosessar og prosjekt.
Undervisninga er organisert i tre vekesamlingar i vårsemesteret. Måndag er studiedag til førebuing, rettleiing, kollokvium m.m. Organisert undervisning vert gitt tysdag til og med fredag.
Samling 1: veke 3
Samling 2: veke 9
Samling 3: veke 13
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar og utviklingsprosessar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering før samling 2 og 3.
Deltakarane får tilgang til eit eige rom i Fronter der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m. og der ein kan levere heimeoppgåver for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.
Samling 1: Idèutvikling og kreativ problemløysing som ledd i strategiutvikling og kommunikativ planlegging. Siktemålet med samlinga er å gi både ein teoretisk oversikt over utfordringar innan feltet og praktisk-metodisk kunnskap. Det blir gjennomgått ulike arbeidsteknikkar og kommunikasjonsformer med stor vekt på øving i metodane og drøfting av bruksområda. Korleis slike metodar kan brukast i planlegging og utviklingsarbeid står sentralt. Gjennom dette vil ein førebu studentanes på utarbeiding av eigne prosessplanar og plandesign.
Samling 2: Målretta utviklingsarbeid – utfordringar, teoriar og metodar.
På denne samlinga går vi gjennom kva som ein internasjonalt og nasjonalt meinar med utvikling av lokalsamfunnets evne til felles handling – spesielt med vekt på korleis ein kan utvikle det sivile samfunnet gjennom maktstyrking (empowerment). Korleis kan ein stimulere utviklinga av samarbeid mellom aktørar, evna til mobilisering, kunnskapsutvikling og relasjonsutvikling? Kva er utfordringane i ulike typar lokalsamfunn og korleis kan ein møte utfordringane? På samlinga øver ein på å designe eigna prosessar for mobilisering, medverknad og samarbeid.
Samling 3: Prosessplanlegging – frå utfordring til handling
Samlinga omhandlar initiering, planlegging, gjennomføring og evaluering av prosjekt i lokalsamfunn, kommunar og anna offentleg verksemd – tverrfaglige prosjekt og prosjektorganisering som virkemiddel i plan- og utviklingsarbeid. Prosjekta sin plass blir illustrert med døme på prosjektarbeid og utviklingsarbeid i regionar, kommunar, lokalsamfunn og organisasjonar og gjennom presentasjon og planlegging av deltakarane sine eigne prosjekt. Det er lagt vekt på øvingar i planlegging av samansette, tverrfaglege prosessar.
Susanne Moen Ouff har hovudansvaret for undervisninga.
Alle samlingane er øvingsbaserte der studentane sjølve utgjer arbeidsgruppene. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på desse (80%) for å kunne framstille seg til eksamen.
Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte kvar samling. Viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved HVO.
- Helse- og sosialfag - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei mappe med to delar: Del 1) Prosessdesign/prosessplan. Denne delen skal formast som ein prosessdesign/prosessplan for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen kan vere eit gruppearbeid, og kan vere på om lag 3000 ord. Dersom prosessdesignen blir utarbeidd i ei gruppe, skal dette gå tydeleg fram. Del 2) Drøfting. Denne delen skal vere ei fagleg grunngjeving av aktivitetar og tiltak i designen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og fagleg grunngje dei. Denne delen skal vere individuell, og vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord. Dersom prosessdesign/prosessplan (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar høve til å foreslå endringar/forbetringar i drøftingsdelen, og nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram. Studentane får rettleiing undervegs. Mappa skal leverast som eitt individuelt prosjektnotat/dokument i Fronter, og delane prosessdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista. |