Semestre
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
IPA302KOMP Prosessleiing og prosjektdesign
Ingen krav til forkunnskap i form av fullførte emne.
Brei deltaking blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Bruken av kommunikative metodar som idedugnad, kreativ problemløysing osv. i plan- og utviklingsarbeid har som formål å skape gruppeprosessar som fremmar deltaking, dialog, kreativite og refleksjon, og som gir forankring av og forpikting til dei løysingane som ein kjem fram til.
Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i dei utfordringar og planproblem som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal studentane øvast i prosessleiing og dei skal få hjelp til å utforme ein prosjektdesign for eit utviklingsarbeid.
Emnet tek utgangspunkt i studentar sine planproblem knytt til utviklingsarbeid/prosjekt i samfunn og organisasjonar, og målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne planproblem.
Emnet blir innpassa i vårt Masterprogram i samfunnsplanlegging og leiing og kan søkast innpassa i andre masterprogram.
Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg slike stillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng.
- Til proaktivt utviklingsarbeid og prosjektarbeid.
- Til sjølv å bruke kommunikative metodar i organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid.
- Til kritisk vurdering av ulike modellar og "oppskrifter" for medverknads- og planprosessar i samfunn og organisasjonar.
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane utvikle:
- Evna til kritisk refleksjon over andre si rolle i gruppeprosessar.
- Evne til kritisk refleksjon over eigen kunnskap, ferdigheiter og holdningar/verdiar.
- Praktisk handlingskompetanse i å lage planprogram/planstrategiar og å designe og leie utviklingsprosessar og prosjekt.
Firmaet Utviklingskompetanse AS ved Tor J. Skogstad tilbyr dette kurset som etterutdanning.
Utviklingskompetanse AS er lokalisert i Bodø, Tlf. 75 51 76 44 /mobil: 977 01 621 http://www.prosessledelse.no
Det er inngått avtale mellom Utviklingskompetanse AS og Høgskolen i Volda om eksamen for dei som ønsker å ta eksamen. Vi rår dei som har generell studiekompetanse eller realkompetanse til å bruke kurset til å ta eksamen i emnet PROSB Prosessledelse i plan- og utviklingsarbeid og få 15 studiepoeng på bachelornivå. Vi rår dei som tilfredsstiller krava til opptak til mastergraden vår i Samfunnsplanlegging og leiing til å bruke kurset til å avlegge eksamen i det noko større og meir avanserte mastergradsemnet IPA302KOMP Prosessleiing i samfunn og organisasjonar.
Kurset går over sju dagar fordelt på tre samlingar (2+3+2). For å begrense reise- og oppholdsutgiftene til dei enkelte kursdeltakarane, foregår samlingane og undervisninga i dei regionar eller kommunar der kursdeltakarane har sin tilhørigheit. Kurset er organisert som ein kombinasjon av regionale og interkommunale samlingar, eigenstudie og arbeidsgrupper som kursdeltakarane sjølv organiserer.
Læringsforma tar utgangspunkt i at deltakarane skal få mykje tid samen til formell og uformell læring i og utanfor samlingane. Både i undervisninga og under gruppearbeid og øvingar, er dialog og aktiv medvirkning ei forutsetning. I tillegg til ordinære forelesningar, blir det lagt stor vekt på at deltakarene gjennom gruppearbeid, øvingar og erfaringsutveksling skal lære å knytte teorien til eigne erfaringar og arbeidsoppgåver.
Til kurset er det knytt undervisningskrefter med god teoretisk og praktisk fagkompetanse. Det blir også brukt læremidlar som er relevante for kursdeltakaranes arbeidsoppgåver.
Alle samlingane er øvingsbaserte der kommunikasjon mellom deltakarene for å løyse eigne og andre sine planleggingsutfordringar står sentralt. Derfor er det krav om 80% frammøte til undervisninga.
Innlevert eksamensmappe blir vurdert av ein kommisjon med ein intern og ein ekstern sensor.
Ei eiga kvalitetsvurdering blir gjennomført på kvar samling og kvart kurs.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. | Alle | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei eksamensmappe med to delar: Del 1) Prosjektdesign. Denne delen skal formast som ein prosjektdesign (prosessplan) for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen kan vere eit gruppearbeid, og kan vere på om lag 3000 ord. Dersom prosjektdesignen blir utarbeidd i ei gruppe, skal dette gå tydeleg fram. Del 2) Drøfting. Denne delen av mappa skal vere ei fagleg grunngjeving av aktivitetar og tiltak i prosjektdesignen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og fagleg grunngje dei. Denne delen skal vere individuell, og vere på 3000 ord (+/-10%). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord. Dersom prosjektdesignen (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar i drøftingsdelen (del 2) høve til å foreslå endringar/forbetringar av prosjektdesignen. Slike nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram og dei må grunngjevast i drøftingsdelen. Studentane får rettleiing undervegs. Mappa skal leverast som eitt individuelt dokument, og delane prosjektdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista. |