Semestre

IPA304 Leiing og personalutvikling

Emnekode: 
IPA304
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Management and human resource development
Emnenavn på bokmål: 
Ledelse og personalutvikling
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I dette emnet blir teori og empiri om leiing kombinert med studentane sine eigne erfaringar, med sikte på å kvalifisere dei som leiarar. Emnet er delt i tre tema som i hovudsak følgjer den mykje brukte inndelinga i strategisk, taktisk og operativ leiing.Temaet strategisk leiing skal gi kandidatane grundig kunnskap om modernisering av offentlig sektor og forståing av dei mest sentrale perspektiva innan fagområdet strategisk leiing. Herunder strategiske utfordringar som privatisering og konkurranseeksponering, organisasjonsendring og strategisk posisjonering. Temaet administrativ leiing og styringssystem skal skape medvit om at effektivitet er eit mangetydig og kontroversielt omgrep, og at tenesteyting skal oppfylle mange og til dels motstridande mål som stiller store og ulike krav til god leiing. Herunder krav til diagnostiske styringssystem, mål- og resultatstyring, kvalitetsstyring, læring og innovasjon. Temaet operativ leiing tek for seg sentrale funksjonar i det daglege møtet med medarbeidarar og leiar si rolle i arbeidet med personalutvikling. Herunder leiarskap og sosiale relasjonar, verdibasert leing, teambygging, coaching, sjølvleiing, konflikthandtering og medarbeidarskap.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • heilskapleg forståing av leiingsfunksjonen i organisasjonar
  • kritisk og konstruktiv forståing av korleis modellar og leiingsverktøy kan nyttast for å oppnå målretta utvikling
Ferdigheiter

Studenten skal ha praktisk og fagleg godt fundert handlingskompetanse i personalutvikling.

Generell kompetanse

Studenten skal ha evne til sjølvstendig refleksjon og læring rundt si rolle som leiar.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert i 3 vekesamlingar, tentativt med mandag som studiedag og organisert undervisning frå tirsdag til og med fredag.

  • Samling 1: Veke 37
  • Samling 2: Veke 42
  • Samling 3: Veke 47

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der deltakaren kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med læraren og med kvarandre.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Etter kvar av dei to første samlingane (veke 37 og veke 42) skal det leverast ei oppgåve på 2000 ord (+/- 10%. eventuell innhaldsliste, referansar, m.m. kjem i tillegg). Oppgåvetekstane vert utlevert på samlingane og samstundes gjort tilgjengeleg i Canvas. Det blir gitt tilbod om rettleiing. Canvas vert brukt til innlevering av oppgåvene. Begge arbeidskrava må vere godkjende for å gå opp til eksamen.

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar som saman med den emneansvarlege og ein av dei tre fagansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte kvar samling. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved instituttet.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Magnar Hjertenæs
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen.
Heimeoppgåve med eit omfang på 5000 ord (+/- 10%). All tekst inkludert tabellar, figurar og referanseliste tel med. Standard framside og evt. vedlegg kjem i tillegg.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18