Semestre

IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori

Emnekode: 
IPA307
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon.

Om emnet

Studiet skal gi auka forståinga for samanhengen mellom problemstilling, forskingsdesign, forskingsmetode og vitskapsteori, og kompetanse i å gjere metodologiske val. Studentane skal kunne reflektere kritisk  over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis den er relevant for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane

Ferdigheiter

Studentane skal kunne

  • reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og over korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
  • utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva
  • presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg

 

Generell kompetanse

Studentane skal ha kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane, og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i si eiga masteroppgåve.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er tre samlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva.  I undervisninga legg vi vekt på dialog, diskusjon og praktisk øving.  Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.  Studentane leverer først eit oppgåvenotat som gjev grunnlag for tildeling av rettleiar, og seinare ein prosjektplan som skal diskuterast med rettleiar. Studentane skal også presentere eige arbeid med masteroppgåva og gje kommentarar til medstudentar i seminar.

I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er inntil fire arbeidskrav i emnet. Tre av arbeidskrava skal ta utgangspunkt i problemstillingar gitt av faglærar, og inngå i eksamensmappe, der eit av arbeida vert trekt ut for vurdering. I tillegg skal studentane levere ein prosjektplan som skal diskuterast med rettleiar. 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Bjarte Folkestad
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle tre arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.
Inntil 1200 ord per arbeidskrav
Godkjent av: 
Randi Bergem 24.02.2023