Semestre

IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori

Emnekode: 
IPA307
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon, som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Talet på studieplassar er avgrensa til 20. Søkjarane blir rangerte på grunnlag av oppnådde karakterar på dei obligatoriske emna, deretter på grunnlag av karakterar på dei valfrie emna. Studentar med karakterar A eller B får først tilbod (gruppe 1). Deretter får studentar med C’ar tilbod inntil studieplassane er fylt opp (gruppe 2).

Om emnet

Studiet legg vekt på innsikt i samanhengen mellom spørsmål som gjeld problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Difor vert det lagt stor vekt på at studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva. Det blir lagt opp til presentasjon av eige arbeid, som gir grunnlag for kompletterande rettleiing og kommentarar både frå medstudentar og andre fagfolk i tillegg til eigen rettleiar. Å bidra til å halde oppe seminarkulturen er viktig i dette masteremnet. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte masteroppgåver, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver. Dei kvantitative kan med fordel knytast til databasar forvalta av forskarar ved instituttet. Ein kan også bruke registerdata eller andre tilgjengelege datasett.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane

Ferdigheiter

Studentane skal kunne reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og over korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking

Studentane skal kunne utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva

Studentane skal kunne presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg

Generell kompetanse

Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane, og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i eige forskingsprosjekt

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er tre vekesamlingar  gjennom semesteret med tett kopling mellom undervisning i forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Desse samlingane vert følgde opp med to kortare samlingar for IPA309/309 i påfølgjande semester (sjå emneplan for IPA308/309). Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminar gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen.

  • Samling 1: veke 34
  • Samling 2: veke 43
  • Samling 3: veke 48

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 01.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Førelesingane tek for seg følgjande tema:

  • Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som verkar inn på forskingsprosessen. Her byggjer ein på vitskapsteoretiske perspektiv som er presenterte i dei to føregåande obligatoriske emna IPA301 Regional planlegging og utvikling (15stp) og IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon (15stp).
  • Forskingsprosess og forskingsdesign.
  • Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking.
  • Temaval og presisering av problemstillingar.
  • Utveljings- og generaliseringsspørsmål.
  • Innsamling og produksjon av data: observasjon, kvalitative intervju, kvantitative spørjeundersøkingar m.m.
  • Kasusforsking.
  • Analysetilnærmingar: kvantitativ analyse med SPSS-kurs og ulike former for kvalitativ analyse.
  • Forsking og etiske dilemma.
  • Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen.

Studentane vert inviterte, og oppmoda, til å delta på instituttet sitt fagforum, som vert arrangert kvar månad. Her vil studentane kunne få innblikk i forskingsprosjekt ved instituttet, og høve til å legge fram utkast av eige arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen arbeidskrav eller andre vilkår i dette emnet.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Bjarte Folkestad
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle
Godkjent av: 
Randi Bergem, 18.03.2020