Semestre
IPA311K Helse og omsorg i plan
Emnet blir gitt i samarbeid med Helsedirektoratet og KS (Kommunesektorens organisasjon). KS har utarbeidd eigne opptakskrav, og for å gi eit best mogleg læringsmiljø, blir det ved opptak lagt vekt på samansetjing av gruppa når det gjeld bakgrunn, utdanning, arbeidsoppgåver og arbeidsgivar. Nokre få studentar, som ikkje tilfredsstiller opptakskravet til masternivå, kan på kvart kull takast opp og få kursbevis for fullført etterutdanning. For å få eksamensrett på masternivå, må studenten ha tre år høgare utdanning tilsvarande bachelorgrad. Berre studentar som blir opptekne til emnet får dekt opphaldsutgifter frå KS.
Eit masteremne om samhandling og planarbeid for heile helse- og omsorgsektoren
Sekretariatet for etter- og vidareutdanning (SEVS) i KS og Helsedirektoratet samarbeider med Høgskolen i Lillehammer, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder og Universitetet i Tromsø om gjennomføringa av opplærings- og utviklingsprogrammet «Helse og omsorg i plan». Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 16 (2010-2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011-2015, Prop. 90 L (2010-2011) Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) og Prop. 91 L (2010-2011) Lov om kommunal helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgslova). Programmet er ein del av implementeringa av samhandlingsreforma, herunder ny folkehelselov og ny helse- og omsorgslov. Målet med samhandlingsreforma er å forebygge meir, behandle tidligare og samhandle betre. Eit verkemiddel er at kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og helseforetak skal betre arbeidet med samfunnsplanlegging som verkemiddel for å skape gode samfunn som ivaretek befolkningas helse på like vilkår for alle. Opplærings- og utviklingsprogrammet skal styrke aktørane sin kompetanse til samhandling og langsiktig strategisk planlegging sett i eit folkehelse- og helse- og omsorgsperspektiv. Denne kompetansen skal også forankrast hos arbeidsgivarar.Samhandlingsreforma handlar svært mykje om kommunen som arena. Emnet vil derfor løfte fram kommunen som arena for tverrfaglig og tverrsektoriell samhandling og implementering av folkehelsetiltak og tenester innan helse- og omsorgssektoren. Dette skjer i nært samarbeid og i samhandling med andre forvaltningsnivå og frivillig sektor.Målgruppa er personar i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og hos fylkesmenn, både dei som har ansvar for planlegging og planprosessar generelt, og dei som har implementering av samhandlingsreforma og ny helse- og omsorgslov og ny folkehelselov som ei viktig oppgåve.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Innsikt i relevant lov- og regelverk.
- Kunnskap om teoriar, omgrep, modellar og empiri om samfunnsutvikling, styring, planlegging, partnarskap og samhandling med relevans for folkehelse og helse- og omsorgstenester.
- Kunnskap om ulike teoriar, omgrep, modellar og empiri som er relevant for folkehelse og helse- og omsorgstenester.
- Kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit langtidsperspektiv, og ulike forhold som determinerer både individuell helse og folkehelse, herunder sosial ulikskap i helse.
- Kunnskap om planlegging på samfunns- og sektornivå som reiskap for helsefremming og sjukdomshemming, gjennom inngrep i strukturerande krefter som påverkar helsetilstanden, og gjennom mobilisering av menneske til å ta større ansvar for eiga helse.
- Ferdigheiter i å hente inn og presentere både primær- og sekundærdata om helsetilstanden i befolkninga og kvaliteten av tenesteytinga, og utvikle lokale indikatorar.
- Ferdigheiter i å analysere utviklingstrekka og utfordringane i eit langsiktig og breitt folkehelse- og helse- og omsorgsperspektiv, og å beskrive mulige konsekvensar av aktuelle tiltak (konsekvensutgreiingar). Sosial ulikskap i helse inngår.
- Ferdigheter i å analysere grunnlaget for folkehelsearbeid og helse- og omsorgstenester som tverrfaglig samarbeid innan kommunen og på tvers av forvaltningsnivåa. Har ferdigheter i langsiktig og heilskapleg planlegging, medverknad, utviklingsarbeid og innovasjon, herunder kompetanse i å planlegge og implementere aktivitetar og tenester i samhandling med andre aktørar innan folkehelsearbeidet og helse- og omsorgstenester. Her inngår samhandlingskompetanse.
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal emnet bidra til at studentane
- Har god forståing av teoriar, metodar, lovverk og styringsmekanismar i samfunnsplanlegging og avgjerdsprosessar, med særlig vekt på kommunen som arena.
- Har evne til kritisk vurdering av ulike data og metodar for planlegging, organisering, implementering, evaluering og læring.
- Har evne til kritisk refleksjon over rolla som planleggar, forvaltar og tenesteprodusent i samhandling på tvers av fag, sektorar og forvaltningsnivå, med vekt på innovasjons- og utviklingsarbeid i helse og omsorg.
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Den pedagogiske tilnærminga tar utgangspunkt i studentane si forforståing og arbeidsoppgåver, og har som mål å styrke handlingskapasiteten deira til å omsette kunnskap i handling. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine praksisfelt. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til ei eiga elektronisk nettbasert læringsplattform, som både fungerer som plattform for samhandling, dokumentasjon av studiet og oppgåveinnlevering.
Undervisninga er organisert i fire samlingar på 3-4 dagar med til saman 15 dagar. Samlingane blir lagt til eit hotell i Ålesund.
Samling 1: Veke 37/2016
Samling 2: Veke 46/2016
Samling 3: Veke 7/2017
Samling 4: Veke 13/2017
Vekene for samlingane kan bli justerte innan semesterstart. Samlingane går tysdag-fredag alle veker med unntak for samling 2 som blir avslutta på torsdag.
Studentane skal utarbeide ei prosjektoppgåve med utgangspunkt i ei utviklingsoppgåve relevant for eige arbeidsfelt. Det er rettleiing knytt til prosjektoppgåva. Prosjektoppgåva bør skrivast i grupper samansett av folk frå både planleggingssida, ulike sektorar og forvaltningsnivå. Gruppene bør vere frå 2-4 personar. Sjå meir om prosjektoppgåva i eige rettleiingsdokument.Presentasjon og drøfting av desse prosjektoppgåvene vil bli trekt inn i undervisninga på samlingane. Forut for første samling skal studentane identifisere ei utfordring som dei opplever som relevant for vidare arbeid som prosjektoppgåve. På denne samlinga blir det lagt vekt på at studentane blir kjent med kvarandre og at dei får formidla og kommentert sine utfordringar og forventingar. Dette skal bidra til å avgrense prosjektoppgåver og utvikle prosjektgrupper. På samling tre skal prosjektgruppene presentere sine arbeid, og blir rettleia både av medstudentar og faglig tilsette.
Emnet har fire hovudtema.
Tema 1: Overordna perspektiv. Innanfor dette temaet blir det lagt vekt på ei innføring i emnet og på å introdusere viktige perspektiv, omgrep og verdigrunnlaget for folkehelsearbeid og helse- og omsorgstenester, og hovudmåla knytt til samhandlingsreforma. Dette vil bli utdjupa under dei andre tema.
Tema 2: Lov, plan og helse. Vi går nærare inn på utvalde delar av sentrale lover, regelverk og politiske og faglige føringar. Herunder folkehelselova, helse- og omsorgstenestelova og helseforetakslova, med tilhøyrande retningslinjer og rettleiarar. Når det gjeld plan- og bygningslova, vil det det bli lagt vekt på plansystemet si oppbygging og funksjon som styringsreiskap. Samhandlingsreformas forventningar blir vektlagt og krava til nye roller for kommunane som samfunnsaktør og samarbeidsarena, herunder større satsing på forebyggande og helsefremmende arbeid for å skape gode levekår og avlaste helsetenestene. Vidare blir det lagt vekt på langsiktige helse- og velferdsutfordringar, og forståing, fortolking og framstilling av data om desse.
Tema 3: Alle skal med. Planlegging som reiskap for samordning, samhandling og samforståing. Her går vi nærare inn på rasjonalitetsformer i planlegginga, om synet på makt, aktørar og strukturar og ulike teoretiske retningar, om samfunnsstyring, reformer i offentleg sektor, nettverksorganisasjonar, samfunns- og sektorplanlegging, samt samhandlingsutfordringar. Studentane skal også få prøve seg på ulike metode- og prosessverktøy som blir brukt i plan- og utviklingsarbeid, med særlig vekt på medverking.
Tema 4: Innovasjon og utviklingsarbeid. Frå kunnskap til handling i folkehelse- og helse- og omsorgsarbeid. Under dette temaet viser vi korleis planlegging i praksis og på utvalde område kan knyte eksisterande kunnskap til handling for å fremme innovasjon, samhandling, beste effektive omsorgsnivå, folkehelse og tenesteproduksjon.
Det er eit arbeidskrav at studenten har deltatt aktivt i utarbeiding og presentasjon av ei prosjektoppgåve. Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen. Alle samlingane er øvingsbaserte, der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine utfordringar står sentralt.
Tilbakemelding frå deltakarane er avgjerande for at vi skal kunne tilby eit best mulig studium. Deltakarane får høve til å evaluere kvar einskild samling og kurset totalt sett. Forhold som vil bli evaluert er læringsutbytet av innhaldselementa, nytten av studiet, arbeidsmåtar, metodar og verktøy, samt evna dei som underviser har til å formidle og tilrettelegge for gode læringsprosessar. Studentane vel tre representantar, som saman med den emneansvarlege og ein annan frå instituttet utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har eit møte på kvar samling, og det vert skrive referat frå møtet i fagutvalet. Vi viser elles til ordningar som gjeld for kvalitetssikring ved institusjonen.
- Helse og omsorg i plan
- Helse- og sosialfag - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 2 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Prosjektoppgåva skal koplast mot utfordringar og utvikling som er relevant for eige arbeidsfelt. Det skal gjerast greie for problemstilling, teorigrunnlag, metode, resultata som er nådd og dei tiltaka som kan utleiast av desse. Det blir gitt rettleiing på oppgåva. | Omfanget av prosjektoppgåva er ca. 20 sider (8.000 ord +/- 10%) når ein student skriv åleine eller to skriv i lag, og ca. 30 sider (12.000 ord +/- 10%) når fleire enn to skriv i lag. Alle ord i tekst, tabellar, figurar, innhaldslista og referanselista tel med. Standard framside og evt. vedlegg tel ikkje med. | |
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Oppgåveteksten skal besvarast individuelt i løpet av 2 dagar, frå kl 0900 til 1400 dag to. Denne skal skrivast utan rettleiing og den skal teste studentane sine evner til å bruke kompetansen som er utvikla gjennom undervisning og pensum i ein intensiv arbeidssituasjon. | Alle hjelpemiddel er tillatne. | Omfanget av heimeeksamenen er 3000 ord (+/- 10%). Standard framside og referanseliste tel ikkje med. Innhaldsliste og vedlegg er ikkje vanleg. |