Semestre

JOF101 Journalistisk arbeidsteknikk for fjernsyn.

Emnekode: 
JOF101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Haust
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studentane får ei innføring i bruk av ulike teikniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling. Studentane skal lære intervjuteknikk og å bruke utstyr til produksjon av journalistikk på nett og fjernsyn.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

- ha oversikt og innsikt i tekniske arbeidsreiskapar i produksjon av fjernsyn

- ha kjennskap til mediets eigenart

Ferdigheiter

- kunne bruke relevante teknikkar og utstyr i journalistisk formidling

- kunne produsere ein enkel fjernsynsreportasje

Generell kompetanse

.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med forelesingar og gruppearbeid. Praktiske døme, oppgåver og øvingar innanfor dei ulike emna knytt til spesialiseringa. Studentane skal mellom anna gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid. Studentane skal også følgje den obligatoriske innføringa i arbeidsteknikk for nettjournalistar før første praksisperiode.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon.

Alle arbeidskrav skal være levert til frister som er fastsatt i undervisningsplanen.

Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Steinar Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100