Semestre

JOF203 Journalistikk 3 for fjernsyn

Emnekode: 
JOF203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU101 Journalistikk 1
JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn
MEV121 Medievitskap 1 - Medium, ytringsfridom og offentlegheit
Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er også forelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

- har innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde

- har innsikt i ulike publiseringsplattformer

Ferdigheiter

- kan levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følge og vidareutvikle redaksjonelle rutinar

- kan utvikle rutiner for sjølvstendig overvaking av nyheitsbildet

- meistrar oppsøkande undersøkande metode

- kan utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga

- kan tenke fleirmediale løysingar i forhold til journalistisk arbeid (planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt)

- er allsidig og meistrar views og news (kommentar- og reporterrollen)

- kan analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur

Generell kompetanse

- er i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og inneheld forelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan.  Alt fråver skal godkjennast av emneansvarleg.

Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret.

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Steinar Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Digital innlevering. Mappa skal innehalde ein metoderapport som skal vere knytt til ei av sakene frå praksisperioden der studenten legg vekt på eigen idé-utvikling i saka. Metoderapporten er eit akademisk arbeid og skal ha pensumreferansar.
Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn