Semestre
JOR101 Journalistisk arbeidsteknikk for radio.
Studentane får ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling. Studentene skal lære intervjuteknikk og å bruke utstyr til produksjon av journalistikk på nett og i radio.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har oversikt og innsikt i tekniske arbeidsreiskapar i produksjon av radio
- har kjennskap til mediets eigenart
- kan bruke relevante teknikkar og utstyr i journalistisk formidling
- kan produsere ei enkel radiosending
-
Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med forelesingar og gruppearbeid. Praktiske døme, oppgåver og øvingar innanfor dei ulike emna knytt til spesialiseringa. Studentane skal mellom anna gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid. Studentane skal også følgje den obligatoriske innføringa i arbeidsteknikk for nettjournalistar før første praksisperiode.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon.
Alle arbeidskrav skal være levert til frister som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | Stått eller ikkje stått | 100 |