Semestre

JOR102 Journalistikk 2 for radio

Emnekode: 
JOR102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU101 Journalistikk 1
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
Krav til forkunnskapar

JOU101 treng ikkje vere fullført, men arbeidskrava må vere godkjent.

 

Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i radio. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt i undervisinga.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

- har innsikt i redaksjonell organisering og leiing, og kunnskap om dei tekniske og vilkåra for journalistisk produksjon

- har kunnskap om kva som ligg i publiseringsansvaret

- har kunnskap om publisering på nett

- har kunnskap om radiomediets eigenart

Ferdigheiter

- er i stand til å beherske nødvendige tekniske hjelpemiddel i journalistisk radioproduksjon, og til å samarbeide med andre

- har tileigna seg formidlingsteknikk i radiomediet

- kan gjere kvalifiserte vurderingar og val i det redaksjonelle arbeidet

- kan lage eit samansett og variert journalistisk produkt

- er i stand til å fylle ulike roller i ein redaksjon

Generell kompetanse

- er i stand til å arbeide journalistisk innanfor redaksjonelle rammer og ta ansvar for eige og andre sitt arbeid

- er i stand til å vurdere eige og andre sitt arbeid

- er i stand til å ta ansvar for eige og andre sitt arbeid

- er i stand til å lede og underordne seg leiing

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Dette er eit praktisk emne som strekkjer seg over eitt semester. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon etter oppsett vaktplan.

Det er også obligatorisk deltaking i eit praksisførebuande kurs. Der får studentane ei innføring i bruk av ulike tekniske arbeidsreiskapar i journalistisk formidling for den aktuelle spesialiseringa. Det vert gitt oppgåver som skal leverast til fristar som er fastsett i undervisningsplanen. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Godkjend praksisførebuande kurs er ein føresetnad for å ta del i den interne praksisperioden.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Jørgen Warvik Lyngvær
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde ein refleksjon rundt studentens arbeid med tre ulike saker frå praksisperioden.
1500-2000 ord.
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn