Semestre

JOR203 Journalistikk 3 for radio.

Emnekode: 
JOR203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

JOU101, JOA101 og MEV121 eller MEV122.

Om emnet

Målet med emnet er å gi studentane praktisk journalistisk trening i fleire sjangrar. Studentane skal drive journalistisk arbeid i utdanninga sine øvingsmedia der dei får arbeide med spesielle samfunns- og stoffområde. Det er også forelesingar og seminar fokusert på nyheitsreportasjen og på analyserande, kommenterande og skildrande journalistikk. Evaluering og diskusjon av journalistiske produkt og arbeidsprosessar er også sentralt.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

- har innsikt i fleire sjangrar og utvalde journalistiske stoffområde

- har innsikt i ulike publiseringsplattformer

Ferdigheiter

Studenten:

- kan levere faste og sjølvstendige bidrag til regelmessig publisering og følge og vidareutvikle redaksjonelle rutiner

- kan utvikle rutiner for sjølvstendig overvåking av nyheitsbildet beherskar oppsøkande undersøkande metode

- kan utføre komplisert journalistisk arbeid og tenke kvalitet i formidlinga

- kan tenke fleirmediale løysingar i forhold til journalistisk arbeid (planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt)

- er allsidig og beherskar views og news (kommentar- og reporterrollen)

- kan planlegge, organisere og gjennomføre fleirmediale prosjekt

- kan analysere eige arbeid i lys av teori og litteratur

Generell kompetanse

Studenten:

- er i stand til å gjere ei kritisk og analytisk vurdering av eigne og andre sine produkt og prosessar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og redaksjonell praksis. Studentane er organisert i redaksjonar der dei prøver ulike roller og arbeider etter ein oppsett vaktplan.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i produksjon etter oppsett vaktplan. Arbeidskravet skal dokumenterast med innlevert logg etter kvar praksisveke. Alt fråvær skal godkjennast av emneansvarleg.

Vaktplanen vert kunngjort tidleg i semesteret. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100
Metoderapporten skal vere knytt til ei (1) av sakene frå praksisperioden der studenten legg vekt på eigen idé-utvikling i saka. Vel ein å skrive eit skriftleg arbeid (essay) skal dette vere knytt til problemstillingar frå praksisperioden.
Mappa skal innehalde ein metoderapport eller eit skriftleg arbeid (essay). Metoderapporten/essayet skal vere på 1800 - 2200 ord.