Semestre

JOR205 Journalistikk 5 for radio

Emnekode: 
JOR205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Journalistikk 5 for radio
Emnenavn på bokmål: 
Journalistikk 5 for radio
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
JOU102 Journalistikk 2
JOR203 Journalistikk 3 for radio
Om emnet

Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal

  • ha kunnskap om redaksjonelt arbeid i nyheitsredaksjon
Ferdigheiter

Studnten skal

  • kunne fylle reporterrolla i ein etablert redaksjon
  • kunne bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
  • kunne utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
  • kunne produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne arbeide sjølvstendig 
  • kunne samarbeide med andre i ein redaksjon
  • kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet strekkjer seg over eitt (1) semester og er samansett av førelesingar, seminar og 8 vekes ekstern redaksjonell praksis.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på 1500 ord og leverast innan gitt frist.
    I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.
  • Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Øyvind Johan Heggstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde ein eksamensproduksjon og ein metoderapport.
Eksamensproduksjonen er eit eige arbeid innanfor radiomediet. Saka/reportasjen skal ha ei minimumslengd på eitt minutt og ei maksimumslengd på 6 minutt. Det bør vera fleire kjelder i saka. Studenten kan leggje fram stoff frå ekstern praksis som eksamensproduksjon. I metoderapporten skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og legge fram si vurdering av produksjonen.

Mappa skal leverast innan gitt frist. Fristen går fram av eksamensplanen.
Ein førebels karakter på produksjon og rapport (mappa) vert kunngjort dagen før munnleg eksamen.
Rapporten skal til saman vere på 3000-5000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg vil normalt vere drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk.
Godkjent av: 
Kate Kartveit