Semestre
JOR205 Journalistikk 5 for radio
Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har kunnskap om redaksjonelt arbeid i nyheitsredaksjon
- kan fylle reporterrollen i ein etablert redaksjon
- kan bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
- kan utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
- kan produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
- skal kunne arbeide sjølvstendig
- skal kunne samarbeide med andre i ein redaksjon
- skal kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid
Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og 8 vekers ekstern redaksjonell praksis.
For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på 1500 ord og leverast saman med logg til emneansvarleg innan gitt frist.
I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Rapporten skal til saman vere på 3000-5000 ord. | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg vil normalt vere drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk. |
Eksamensproduksjonen er eit eige arbeid innanfor den spesialiseringa studenten har valt. Studenten kan leggje fram stoff frå ekstern praksis som eksamensproduksjon. I metoderapporten skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og legge fram si vurdering av produksjonen.
Mappa skal leverast digitalt i Inspera. Fristen går fram av eksamensplanen.
Ein førebels karakter på produksjon og rapport (mappa) vert kunngjort dagen før munnleg eksamen.