Semestre
JOR214 Praksis i radio - ekstern
Emnet omfattar både praksisførebuande undervisning og ekstern praksis.
Hovuddelen av emnet er den 10 veker lange eksterne praksisperioden. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har brei kunnskap om arbeidet og arbeidsmetodane i ein ekstern redaksjon
- har brei kunnskap om idéarbeid og idéutvikling, og produksjon og publisering i ein ekstern redaksjon
Studenten:
- kan arbeide fram idéar tilpassa målgruppa til ulike redaksjonar
- kan arbeide fram saker tilpassa redaksjonen studenten har praksis i
- kan vurdere og evaluere eigne og andre sine journalistiske produksjonar basert på pensum
- kan drøfte vinkling og "framing" av eigne og andre sine journalistiske produksjonar
Studenten:
- kan samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø
- kan arbeide sjølvstendig med redaksjonelle saker
- kan reflektere rundt eiga rolle i alle delar av den journalistiske arbeidsprosessen
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar, gruppearbeid og verkstader.
Hovuddelen av emnet er den 10 veker lange eksterne praksisen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- praksislogg
- evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- organisering
- omfang
- frist
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 4 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Oppgåve der studenten skal løyse ei journalistisk sak. Byggjer på kunnskap frå tidlegare emne. | Alle. | Inntil 5000 ord. | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg justerandre eksamen med drøfting av oppgåva. Ein førebels karakter vert kunngjort før munnleg justerande eksamen startar. |