Semestre

JOT214 Praksis i TV - ekstern

Emnekode: 
JOT214
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Forkunnskapskrav, emneliste
JOT213 Praksis i TV - fordjuping
MEV221 Medievitenskap 3 - Frå fag til forsking: Korleis analysere medium
Om emnet

Emnet omfattar både undervisning og ekstern praksis.
Hovuddelen av emnet er den 10 veker lange eksterne praksisperioden. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har brei kunnskap om arbeidet og arbeidsmetodane i ein ekstern redaksjon  
  • har brei kunnskap om idéarbeid og idéutvikling, og produksjon og publisering i ein ekstern redaksjon
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan arbeide fram idéar tilpassa målgruppa til ulike redaksjonar  
  • kan arbeide fram saker tilpassa redaksjonen studenten har praksis i  
  • kan vurdere og evaluere eigne og andre sine journalistiske produksjonar basert på pensum
  • kan drøfte vinkling og "framing" av eigne og andre sine journalistiske produksjonar  
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan samarbeide godt i eit redaksjonelt miljø  
  • kan arbeide sjølvstendig med redaksjonelle saker  
  • kan reflektere rundt eiga rolle i alle delar av den journalistiske arbeidsprosessen 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar, gruppearbeid og verkstader.
Hovuddelen av emnet er den 10 veker lange eksterne praksisen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og praksis i emnet med minimum 80 prosent deltaking.​

Arbeidskrav:

  • praksislogg
  • evaluering av emnet

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • organisering
  • omfang
  • frist
Sensorordning
Maksimumstal: 
22
Emneansvarleg: 
Steinar Høydal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
4 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Oppgåve der studenten skal løyse ei journalistisk sak. Byggjer på kunnskap frå tidlegare emne.
Alle.
Inntil 5000 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerandre eksamen med drøfting av oppgåva. Ein førebels karakter vert kunngjort før munnleg justerande eksamen startar.
Godkjent av: 
Kate Kartveit