Semestre
KIP102 Data for kunstig intelligens
Ingen.
Emnet legg vekt på grunnleggande vurderingar kring bruk av data til å trene KI. Studentane vil lære om ulike typar data, datainnsamling, databehandling og dataanalyse som er essensielle for å utvikle og drive KI-system. Kurset er tilpassa ikkje-tekniske studentar og legg vekt på praktiske døme og brukstilfelle. Studenten får eit oversyn over vurderingar, risiko og moglegheiter som ligg i ulike former for data. Emnet vil inkludere praktiske case-studiar som viser korleis data brukast i reelle KI-prosjekt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kjennskap til dei grunnleggande konsepta rundt data og deira rolle i KI
- kunnskap om ulike typar av data til maskinlæring
- kunnskap om sentrale omgrep som trening- og test-data
Studenten skal kunne
- kunne vurdere potensielle utfordringar med treningsdata
- identifisere og samle relevante data for KI-prosjekt
- vurdere korleis data er eigna til bruk i KI
- gjere enkel databehandling relatert til KI
- lage oversikt over data som tabellar, diagram og beskrivande statistikk
Studenten skal
- kunne reflektere kritisk kring korleis data kan påverke KI
- kunne vurdere bruk av data i reelle KI-prosjekt
Emnet er samlingsbasert ved Høgskulen i Volda, og arbeidsmåtar i emnet vil variere mellom forelesing, diskusjon, oppgåveløysing, og sjølvstendig arbeid. Detaljar vil gå fram av semesterplanen. Det vil bli gitt forarbeid og etterarbeid til kvar samling.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk deltaking i alle undervisnings- og arbeidsformer knytt til emnet jfr. "Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda", §4-6. For å kunne stille til eksamen må studenten ha godkjent oppmøte og deltaking på minimum 80% av undervisning i emnet
Arbeidskrav:
Det blir gitt eitt arbeidskrav som kan bestå av fleire delar. Arbeidskravet må vere godkjent for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Kunstig intelligens i praksis
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 % | Studentane vil bli gitt ei detaljert skildring i semesterplanen. |