Semestre

KUM305 Brennpunkt Midtausten

Emnekode: 
KUM305
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Midtausten er nemninga på ein geografisk vagt definert region med felles kulturell referanseramme. Kjerneområdet omfattar beltet av land frå Egypt i vest til Persiabukta i aust med landa på Den arabiske halvøya og Iran. Emnet er delt i fire delar: Frå det vidare midtaust-området i del 1 og 2 blir fokuset avgrensa til Palestina i del 3 og vidare spissa inn mot Jerusalem by i del 4:

Introduksjon 

Kulturell og religiøs bakgrunn I dette delemnet skal det gjevast ei innføring i den kulturelle og religiøse bakgrunnen i regionen, med vekt både på det som er felles og på det som skaper motsetnader.

  • Territorielle, etniske og kulturelle forhold.
  • Jødedom, kristendom og islam og nokre andre religiøse samfunn i regionen.

Midtausten

I dette delemnet skal politisk og kulturell utvikling i regionen studerast, med tyngdepunkt i perioden 1800-2000. Det vil bli lagt vekt på ”interne” forhold som arabiske - og andre - statsdanningar på 1900-talet og på politisk islam. Dessutan tar emnet føre seg ”eksterne” forhold som konsekvensane av europeisk imperialisme og kolonialisme.

  • Historiske, geografiske og ideologiske haldepunkt frå ca 1800 fram til den første verdskrigen: Det osmanske riket, den vestlege misjonen, den arabiske brorskapen.
  • Imperialisme, stormakter og supermakter 1914-2000: Midtaustens strategiske posisjon og stormaktenes rolle.
  • Statsdanningar i regionen frå første verdskrig til i dag: Styre, indre opposisjon, innbyrdes forhold, forholdet til stormaktene/verdssamfunnet, økonomiske og sosiale forhold.
  • Arabisk identitet. Samlande og splittande faktorar: Språk, kultur og religion, historie og territorium, minoritetar.
  • Pan-arabisme: Religiøs og sekulær pan-arabisme, politisk islam.

Palestina

Dette delemnet handlar om Palestina dei siste 100 – 150 åra, med særleg vekt på tida før 1948. Emnet fokuserer først og fremst på dei politiske konfliktane som knyter seg til opprettinga av staten Israel. Men også det sterke religiøse og etniske innslaget i dette konfliktstoffet skal granskast. Både sionisme, og palestinsk og arabisk nasjonalisme skal studerast nærare.

  • Palestina i den siste fasen av det osmanske riket. Jødisk innvandring.
  • Jødedom og sionisme. Forholdet mellom det nasjonalistiske, sosialistiske og kolonialistiske i sionismen.
  • Palestina under mandatperioden: Storbritannias interesser, Balfour-deklarasjonen, jødisk sionisme vs. palestinsk/arabisk nasjonalisme.
  • Staten Israel: Bakgrunn og utvikling, konfliktar, krigar og terrorisme, Israel som regional stormakt, indre motsetnader, israelsk identitet.
  • Palestinsk nasjonalisme: 1948 og nederlaget for palestinsk nasjonalisme, PLO og reorganiseringa av den nasjonale rørsla, sjølvstyre og spørsmålet om ein palestinsk stat. 

”Kampen om Jerusalem”

I dette delemnet står byen Jerusalem i sentrum for interessa; byen som felles-topos for alle dei tre religionane, som religiøst symbol og omstridd geografisk område.

  • Jerusalems historie Byens religiøse og politiske rolle gjennom tidene.
  • Omstridde og symbolske stader: Tempelet, klagemuren og al Aqsa-moskéen, Oljeberget, den heilage grava og Golgata.
Læringsutbytte

Kjem.

 

Kunnskapar

Det er eit mål at studenten har

  • avansert innsikt i konfliktane i Midtøsten og korleis faktorar av religiøs, kulturell og etnisk art spelar ei rolle for dei politiske motsetnadene.
  • avansert forståing av den dagsaktuelle situasjonen i lys av den historiske utviklinga dei siste to hundreåra
  • avansert innsikt i samfunns- og religionshistoriske perspektiv i forsking relatert til regionen.
Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten har

  • trening i å finna fram i og vurdera forskningslitteratur og relevant kjeldemateriale relatert til Midtausten si historie dei siste to hundreåra.
  • føresetnader for å skrive ein sjølvstendig, kildekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innafor regionen.
Generell kompetanse

Ingen.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen
  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Alle arbeidskrava må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under Vurdering og eksamen. Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på prosessoppgåva. Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift