Semestre

KUM311 Mangfald, integrasjon og eksklusjon

Emnekode: 
KUM311
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I dette emnet jobbar vi med spørsmål knytt til mangfald, integrasjon og eksklusjon i norsk og internasjonal kontekst. Gjennom humanvitskaplege og samfunnsfaglege tilnærmingar ser vi for det fyrste på ulike typar mangfald og tilnærmingar til mangfald, for det andre på sambandet mellom integrasjon og kultur. For det tredje ser vi på korleis integrasjon og mangfald også er knytt til ulike former for eksklusjon. Kulturkritiske perspektiv har ein sentral plass i denne delen av emnet. Emnet er samtidsorientert og drøftar mangfald primært i høve det liberale demokratiets inklusjon av nye samfunnsgrupper, men trekk også på historiske tilnærmingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om sentrale politiske og sosiale tilnærmingar til mangfald (assimilering, integrering, inkludering, multikulturalisme)
  • forståing for integrasjon og tillit, som del av sosiale dynamikkar
  • avansert kunnskap om samband mellom kultur, integrasjon og eksklusjon i historie og samtid
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • analysere kritisk diskursar og teoriar om mangfald, integrasjon og eksklusjon
  • drøfte problemstillingar knytt til rasisme, populisme, hierarki, mistillit
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytte til integrasjon og mangfald i samfunnet (politikk, forvaltning, skule)
  • drøfte og formidle faglege problemstillingar knytte til korleis mangfald, integrasjon og eksklusjon vert forstått
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer som studentaktive seminar, førelesning, og prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Ingen. 

 

Arbeidskrav:

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

  1. Skrive eit utkast til prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av omlag 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Rettleiinga på oppgåve kan gjevast skriftleg eller munnleg.
  2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til 1-2 prosessoppgåver frå medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  3. 1 munnleg presentasjon av tekstutdrag frå pensum i løpet av samlinga eller som lydfil i tilfelle ein ikkje har høve til møte.

Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderingsformer". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Jonas Gamborg Lillebø
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master
  • Kulturmøte - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i
lineavstand og 12 pkt. skrift.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100 %
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.