Semestre
MAK101 Matkultur 1
Ingen.
Emnet er det første av to i studieprogrammet Matkultur.
Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om norsk matkultur, og korleis denne har utvikla seg fram til i dag. Studentane vil møte fagområdet gjennom både teoretiske og praktiske tilnærmingar. Det vert lagt vekt på praktisk matlaging og konservering av mat.
Studentane skal lære å formidle matkulturelle tema og praksisar til ulike målgrupper. I emnet vil studentane møte slik formidling i både tradisjonelle og moderne former, som overføring av handlingsboren kunnskap og gjennom digitale medium.
Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester og følger maten og matkulturen gjennom årstidene og høgtider.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- kunne gjere greie for sentrale emne i matkultur og konservering, og beskrive korleis norsk mat og matkultur har utvikla seg gjennom tidene
- ha kunnskap om formidling og læring i formelle og uformelle kontekstar
- ha kunnskap om konservering av matvarer som frukt, bær, grønsaker, kjøt og korn
- forklare samanheng i levesett og korleis teknisk, økonomisk og kulturell utvikling har fått konsekvensar for konservering av mat og den maten vi et i dag
- ha kunnskap om julefeiring og julemat i eit historisk og kulturelt perspektiv
Studenten skal:
- kunne bruke konserveringsmetodar for frukt, bær og grønsaker
- kunne planlegge og gjennomføre mataktiviteter med barn og vaksne der formidling, praktisk arbeid eller demonstrasjon står sentralt
- kunne lage nokre konserverte matvarer med kjøt som råvare
- kunne lage nokre tradisjonelle kornprodukt med vekt på takkebakst
- kunne lage eit utval rettar og matvarer knytt til tradisjonell norsk julehøgtid
- kunne formidle munnleg, skriftleg og digitalt om matkulturelle tema
Studenten skal:
- kunne samarbeide med andre om planlegging og gjennomføring av praktiske formidlings- eller undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
- sette mat og matkultur inn i eit breiare samfunnsmessig perspektiv
- reflektere fagleg og tverrfagleg kring kunnskap og ferdigheiter om mat og matkultur
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessrettleiing i arbeidsøktene og i arbeidet med arbeidskrav.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/§ 4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.
- Studentane skal planlegge og gjennomføre eit matkulturelt arrangement
- Studentane skal gjennomføre fire individuelle oppgåver, med både praktisk og teoretisk innhald, publisert som innlegg i ein fagblogg. Omfang er 750-1500 ord per innlevering.
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 500,-
- Matkultur - vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | Mappeeksamen består av to like store delar: Del 1 består av fem blogginnlegg knytt til samlingar, der eitt av blogginnlegga vert trekt til sluttvurdering. Del 2 er innlevering av ei kasse med fem produkt knytt til tema i tre av samlingane. | |||
Heimeeksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | Digital eksamen. Begge eksamensdelar må vere bestått for å få samla karakter. |