Semestre
MAT110-AVG Grunnleggande tallære, algebra og didaktikk
Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise matematikk i grunnskulen. Emnet utgjer dei første 15 studiepoenga i studia Matematikk 1 (1-7) og Matematikk 1 (5-10). I dette emnet er kjerneelementa «representasjon og kommunikasjon», «utforsking og problemløysing» og «abstraksjon og generalisering» sentrale. Kjerneelementa vert knytt til dei ulike kunnskapsområda i emnet:
- tal og talforståing; rekneartane (aritmetikk), brøk, prosent, måling, algebra og likningar
- læringsteoriar i matematikk
- grunnleggjande ferdigheiter i matematikk
- tverrfaglege tema
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til talforståing og rekning, algebra og generalisering og abstraksjon ved overgangen frå aritmetikk til algebra
- kan relatere denne kunnskapen til kjerneelement og kompetansemål i grunnskulen
- har kunnskap om grunnleggjande ferdigheiter i matematikkfaget
- har kunnskap om bruk av tverrfaglege tema i matematikkfaget og andre fag
- har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
- har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, særskilt utviklinga av talomgrep og talsystem.
Studenten
- kan planlegge og tilrettelegge undervisninga med varierte arbeidsformer, forankra i teori, læreplanen og eiga erfaring
- har god representasjons- og kommunikasjonskompetanse i matematikkfaget og kan fremje slike ferdigheiter hos elevane
- har god utforskings- og problemløysingskompetanse og kan fremje slike ferdigheiter hos elevane
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein bevisst og sjølvstendig måte
- har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt inn i Canvas, og ei digital plattform vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Arbeidsformene er prega av sjølvstendig arbeid med nettleksjonar, oppgåveløysing og drøfting av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap.
Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.
Arbeidkrav:
- Studentane skal gjennomføre og levere to didaktiske innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene.
- Ei skriftleg prøve. Prøva vert gjennomført på den andre obligatoriske samlinga.
Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.
- Matematikk 1, 1.-7. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
- Matematikk 1, 5.-10. trinn - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | . |