Semestre

MAT116-AVG Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (1-7)

Emnekode: 
MAT116-AVG
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Kombinasjonen av emna Matematikkdidaktikk (MAT130-AVG) og Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (MAT116-AVG) tilsvarar den valbare påbygginga i matematikk i 3. året av studieprogrammet Grunnskulelærarutdanning 1-7. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna bevis, argumentasjon og matematisk teoridanning med døme frå henta frå geometri, tallære, funksjonslære, algebra og statistikk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap i og om matematisk teoridanning knytt til den systematiske oppbygginga av matematiske emne, blant anna plangeometri og talteori
  • har kunnskap om korleis kunnskap i matematikk vert utvikla gjennom undersøkingar og eksperiment og påfølgjande bevisføring
  • har kunnskap om ulike type matematiske bevis, argumentasjonsformer og modellar blant anna i algebra, funksjonslære og statistikk. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect (undervisning i sanntid). Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.Dei to obligatoriske samlingane er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

Tre innleveringsoppgåver.

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Studieavgift

Emnet har ei studieavgift på kr 4000,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Matematikk 2 (1-7) - vidareutdanning for lærarar
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100