Semestre

MAT120-KFK Matematikkdidaktikk, argumentasjon og bevis

Emnekode: 
MAT120-KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er første del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10), og er reservert for lærarar som er tekne opp gjennom satsinga Kompetanse for kvalitet.

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.

Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.

Tema i emnet er mellom anna matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematikkvanskar, tilpassing av undervisning, argumentasjon og matematiske bevis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Studenten

  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevar si læring i grunnskulen
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
  • har kjennskap til kvantitative og kvalitative metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking
  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes innan algebra og geometri
Ferdigheiter

 Studenten

  • kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne relevant for 5.–10. steg
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, her under val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar
Generell kompetanse

 Studenten

  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt delvis i sanntid og som nettleksjonar gjort tilgjengeleg i Canvas. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer. Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom teoripresentasjon og gjennom eige arbeid. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med oppgåveløysing og drøfting. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.

Dei to obligatoriske samlingane er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

  • Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar og lærar (gjennomført på den andre obligatoriske samlinga).
  • Presentasjon av ein fagartikkel for kollegaer på skulen ein arbeider og eit refleksjonsnotat i etterkant av presentasjonen
  • Innlevering knytt til argumentasjon og matematiske bevis

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Hilde Opsal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Matematikk 2 for 5.-10. årstrinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100