Semestre

MAT127-AVG Matematisk analyse og talteori

Emnekode: 
MAT127-AVG
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet inngår i vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10).

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.

Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna talteori, matematisk analyse, trigonometri og programmering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til talteori, matematisk analyse, trigonometri og programmering.
  • kan relatere denne kunnskapen til kjerneelement og kompetansemål i trinn 5-10.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan planlegge og tilrettelegge undervisninga med varierte arbeidsformer, forankra i teori, læreplanen og eiga erfaring
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter i ulike undervisningssituasjonar, på ein bevisst og sjølvstendig måte.
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking over eigen læring og undervisning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt ut i Canvas, og ei digital plattform vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Arbeidsformene er prega av sjølvstendig arbeid med nettleksjonar, oppgåveløysing og drøfting av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap.

Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.  

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre og levere to innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvar av dei to innleveringsoppgåvene.

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Antje Meier
Studieavgift

Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Matematikk 2, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
7 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust