Semestre
MAT130-AVG Matematikkdidaktikk
Ingen.
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar i grunnskulen. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule. Emnet utgjer dei første 15 studiepoenga i studia Matematikk 2 (1-7) og Matematikk 2 (5-10). Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanningane, og er såleis ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.Tema i emnet er mellom anna matematikkdidaktisk forsking og forskingsmetodar, matematikkvanskar og tilpassing av undervisning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med
relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevars læring i grunnskulen - har inngåande undervisningskunnskap knytt til
progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen - har kjennskap til kvantitative og kvalitative
metodar som er relevante i matematikkdidaktisk forsking.
Studenten
- kan formidle spesialkunnskap i eit utvalt matematikkdidaktisk og/eller matematikkfagleg emne relevant for 5.–10. steg
kan bruke kvantitative og/eller kvalitative forskingsmetodar til å gjennomføre matematikkdidaktiske undersøkingar
kan bidra i lokalt læreplanarbeid
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Studenten
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect (undervisning i sanntid). Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av godkvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer. Det vert lagt vekt på at studentane skal bli kjende med matematikkdidaktisk forsking både gjennom teoripresentasjon og gjennom eige arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.
Dei to obligatoriske samlingane er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.
Innlevering av sjølvvalt pensum på minimum 50 sider.
Presentasjon av ein fagartikkel for medstudentar og lærar (gjennomført på andre obligatoriske samling).
Innlevering av sjølvvalt problemstilling og korleis ein kan gå fram for å kunne svare på denne.
Innlevering av eit skriftleg førsteutkast på semesteroppgåva.
Presentasjon av semesteroppgåva munnleg på AdobeConnect for medstudentar og lærar.
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.
- Matematikk 2, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | 3800 - 4500 ord. |