Semestre

MAT157 Digitale verktøy i matematikkundervisning

Emnekode: 
MAT157
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Haust
Eksamenssemester: 
2026 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt matematikkdidaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale hjelpemiddel i matematikkundervisinga. Emnet gir studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke digitale hjelpemiddel i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde innføring i GeoGebra og rekneark, og korleis ein kan bruke desse i skulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremmar læring
  • undervisningskunnskap om bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen i for eksempel geometri, statistikk og funksjonar
  • kjennskap til digitale ressursar som kan fremme læring i matematikk.
Ferdigheiter

Studenten kan

  • anvende kunnskap i bruk av eit utval digitale verktøy i matematikkundervisninga
  • bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale verktøy og ressursar i undervisninga
  • bruke digitale verktøy og ressursar i vurdering av elevane sitt læringsutbytte.
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av digitale verktøy i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av digitale verktøy i matematikk.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som eit reint nettstudium med både synkron og asynkron nettundervisning. På den synkrone undervisninga er det obligatorisk frammøte. Kommunikasjonen mellom studentar og høgskulen vil for det meste skje gjennom e-læringsverktøy.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 80% frammøte til den synkrone undervisninga; jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha levert og fått godkjent alle arbeidskrav innan fastsette fristar. Arbeidskrava blir spesifisert i semesterplanen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kim André Stavenæs Refvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Matematikk for lærarar - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
100