Semestre

MDA101 Mediedesign

Emnekode: 
MDA101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Eige pensum i form av artikler vert gjort tilgjengeleg for klassa.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Mediedesign og konseptutvikling gjev ein introduksjon i konseptutvikling og visuell planlegging. Kunnskap på dette område er ein føresetnad for visualiseringsprosessar knytt til medieproduksjonar (design, animasjon).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten har grunnleggande oversikt over omgrep innan kreative idéprosessar, målgruppeanalyse, strategiske verkty og presentasjonsteknikkar. 

Ferdigheiter

Studenten kan utvikle og visualisere/presentere eit kreativt konsept basert på avsendar, bodskap og mottakaranalyse.

Generell kompetanse

Studenten kan nytte ulike verkty for å utvikle idéar, analysere/nytte design og for å visualisere komplekse konsept.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Obligatoriske fellesførelesningar og gruppearbeid med rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Presentasjon av oppgåve innanfor konseptutvikling i plenum.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Thomas Lewe
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Produkt/produksjon
Gruppe
1 semester
Stått eller ikkje stått
100