Semestre

MEI302 Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet

Emnekode: 
MEI302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Meistring og myndiggjering er kjernetema i studiet. Kunnskap, innsikt og handlingskompetanse på desse områda krev bidrag frå ulike fag og disiplinar, og perspektiv på ulike nivå. Helse- og sosialarbeidaren må ha kompetanse og innsikt i strukturelle og kontekstuelle tilhøve. Det gjeld innverknad på praksis både frå kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, så vel som samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspoilitiske føresetnadar. Dette emnet tek opp desse vilkåra i forhold til praksisar som kan bidra til meistring og myndiggjering.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Stundenten skal ha

  • kunnskap om samanhengar mellom sosiokulturelle prosessar og helse- og sosiale problem
  • auka innsikt og medvit for samanhengar mellom kunnskapssyn og praksis.
Ferdigheiter

Studenten skal ha

  • ferdigheiter til å analysere samanhengar mellom helse- og sosiale problem og kulturelle og strukturelle vilkår
  • ferdigheiter til å  å påverke desse forholda. 
Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • ein kritisk kunnskapsbasert handlingskompetanse til å påverke strukturelle og organisatoriske tilhøve til beste for arbeid med meistring og myndiggjering i samarbeid med dei det gjeld
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Innhaldet i emnet er organisert i fire hovudtema:Tema 1: Kunnskapsteori og kunnskapssyn Her legg ein vekt på tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og andre kunnskapsformer, utvikling og endring av vitskapleg kunnskap med vekt på kritikk av vektlegginga av den evidensbaserte kunnskapen. Tilhøvet mellom vitskapleg kunnskap og profesjonell praksis er sentralt. Tema 2: Sosiokulturelle endringsprosessar Samanhenger mellom modernitet, identitet, danning og tillit vert løfta fram med vekt på livsløp, demografisk endring og helse. Meistring og myndiggjering heng og saman med demokrati, medborgarskap, profesjonalisering, makt og disiplinering. Globalisering og fleirkulturalitet påvirker også meistring. Tema 3: Organisatoriske og styringspolitiske føresetnader Nye styringsformer og statlege føringar bidreg til utfordringar for organisasjonar. Leiing, samarbeid, konflikt og konfliktløysing innanfor og mellom organisasjonar og profesjonar vert tematisert, saman med forholdet til tredje sektor, brukarorganisasjonar m.m. Tema 4: Folkehelseperspektivet Helse- og sosialfaglege mediediskursar vert tematisert; her er medikalisering eit sentralt fenomen. Ellers er det fokus på brukarretta opplysings - og informasjonsarbeid innafor helse- og sosialtenestene.

Undervisninga er lagt til 3 vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:

Samling 1: Veke 2

Samling 2: Veke 7

Samling 3: Veke 13

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m. Det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane, og at dei leverer utkast til heimeoppgåve for presentasjon og kommentering.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Jan Inge Sørbø
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det er knytt rettleiing til oppgava.
Alle.
Omlag 5000 ord (+/-10%).
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten kan ha med semesteroppgåva, elles ingen hjelpemiddel.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18