Semestre

MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori

Emnekode: 
MEI303
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat.Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking.

Om emnet

Studiet legg vekt på innsikt i samanhengen mellom spørsmål som gjeld problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Difor legg vistor vekt på at studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve. Presentasjon av eige arbeid på kvar samling gir grunnlag for kompletterande rettleiing og kommentarar både frå medstudentar og andre fagfolk i tillegg til eigen rettleiar. Å bidra til å halde oppe denne seminarkulturen er viktig i dette masteremnet. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte masteroppgåver, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver. Dei kvantitative kan med fordel knytast til databasar forvalta av forskarar ved instituttet. Ein kan også bruke registerdata eller nasjonale datasett tilgjengelege gjennom Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste (NSD).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Læringsutbytet er avhengig av den innsats studentane legg for dagen i studiet m.a. basert på eigne læreføresetnader, haldningar og interesser. Studiet kan bidra til dette utbytet gjennom opplegg der studentane tek aktiv del i førelesingar, men også i presentasjonar og diskusjonar av eige masterarbeid undervegs og relevant forskingslitteratur. Målet med emnet er såleis å gi studentane metodekunnskap for arbeidet med masteroppgåva og førebu dei for utgreiings- og forskingsoppgåver i seinare yrkespraksis. Emnet skal også gi grunnlag for søknad om vidare forskarkvalifisering, t.d. på doktorgradsnivå.

Ferdigheiter

Om mål for dugleiksområda i emnet, sjå avsnitta om kunnskapar, organisering og arbeidsmåtar i emneplanen og programmet for den enkelte samlinga som blir lagt ut i Canvas

 

Generell kompetanse

Om mål for den generelle kompetansen i emnet, sjå avsnitta om kunnskapar, organisering og arbeidsmåtar i emneplanen og programmet for den enkelte samlinga som blir lagt ut i Canvas

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er fem vekesamlingar  gjennom studieåret med tett kopling mellom undervisning i forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. På kvar samling må studentane presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminara gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen.

  • Samling 1: veke 36
  • Samling 2: veke 43
  • Samling 3: veke 49
  • Samling 4: veke 4 (2019)
  • Samling 5: veke 8 (2019)

Til den tredje samlinga skal det leverast ein prosjektplan for masteroppgåva. Vidare rettleiing etter tredje samling føreset at prosjektplanen er levert.I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen.

Førelesingane tek for seg følgjande tema:·

  • Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som verkar inn på forskingsprosessen. Her byggjer ein på vitskapsteoretiske perspektiv som er presenterte i dei to føregåande obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet (15 stp) og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet (15 stp).·
  • Forskingsprosess og forskingsdesign·
  • Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking og metaanalyse·
  • Temaval og presisering av problemstillingar·
  • Utveljings- og generaliseringsspørsmål·
  • Innsamling og produksjon av data: observasjon kvalitative intervju kvantitative surveys eksperimentelle og kvasieksperimentelle opplegg materiale frå arkiv og register ·
  • Kasusforsking·
  • Biografisk tilnærming og longitudinell forsking·
  • Analysetilnærmingar: kvantitativ analyse med SPSS-kurs kvalitativ analyse, her også inkludert narrativ analyse.
  • Kort innføring i dataprogram som handterer kvalitative data.
  • Forsking og etiske dilemma·
  • Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Ingen arbeidskrav eller andre vilkår i dette emnet.

Evaluering og kvalitetssikring

Studentane vel tre representantar som saman med dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte i slutten av kvar samling. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Rune Kvalsund
Finn Ove Båtevik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ingen
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 14.02.18