Semestre
MEV123 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt
Emnekode:
MEV123
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
10
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2023 Vår
Eksamenssemester:
2023 Vår
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Om emnet
Emnet gjev ulike perspektiv på media og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar. Studentane skal utvikle evnen til kritisk refleksjon kring medias makt og profesjonsroller. Studentane skal også vidareutvikle ferdigheiter knytt til akademisk oppgåveskriving.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:
- sentrale teoriar som er formulerte om media si utvikling og rolle samfunnet
- ulike perspektiv på media og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar
- makt og media når det gjeld profesjonaliseringa av journalistikk og PR/informasjon
Ferdigheiter
Studenten skal
- ha utvikla grunnleggande ferigheiter knytte til akademisk oppgåveskriving
Generell kompetanse
Studenten skal
- ha grunnleggande forståing av media si rolle i samfunnet og kunne reflektere rundt samfunnsansvaret ut frå profesjon og arbeidsmåtar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Emnet er basert på førelesingar, seminar, sjølvstudium og ei (1) obligatorisk øvingsoppgåve der målet er å trene på akademisk oppgåveskriving,
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- deltaking på oppgåveseminar med gjennomgang av oppgåva
Arbeidskrav:
- ei skriftleg oppgåve på 1500 - 2000 ord som fyller formkrava til ei akademisk oppgåve
- deltaking på evaluering av emnet
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
20
Maksimumstal:
115
Emneansvarleg:
Idar Flo
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Journalistikk - bachelor
- Medieproduksjon - bachelor
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |
Godkjent av:
Kate Kartveit