Semestre

MEV221 Medievitskap 3 – Frå fag til forsking: Korleis analysere medium

Emnekode: 
MEV221
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar
  • PR, kommunikasjon og media: INF131, MEV121 og MEV123
  • Medieproduksjon: MPRO112, MEV120 og MEV123
  • Journalistikk: JOU213, MEV121 og MEV123
Om emnet

I MEV221 går vi breiare inn i medie- og kommunikasjonsteorien og set den i eit humanistisk og samfunnsvitskapleg perspektiv. Studentane blir introduserte for dei mest vanlege verktya som forskarar nyttar i arbeidet med å forstå media sitt innhald, makt og rolle i samfunnet. MEV221 er delt i to: Eit kjernepensum som det blir førelese over og ei fordjupingsoppgåve. Arbeidet blir konsentrert rundt studentane sitt sjølvstendige arbeid med denne oppgåva. Temaa kan vere sjølvvalde eller knytte til pågåande forskingsprosjekt ved AMF.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten:

  • har tileigna seg grunnleggjande kunnskap om dei teoriar, omgrep og metodar som vi nyttar innanfor medievitskapen for å forstå medias innhald, makt og rolle i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten:

  • har utvikla ferdigheiter innanfor akademisk oppgåveskriving og vere i stand til å nytte ulike teoretiske verktøy for å analysere medium
  • kan skrive tekstar av eit visst omfang basert på eiga forsking innanfor gitte tidsrammer, samt ha lært å reflektere kritisk over eige arbeid og kunne justere dette under fagleg rettleiing
Generell kompetanse

Studenten:

  • har grunnleggande forståing av medie- og kommunikasjonsteori
  • kan reflektere kritisk over eige arbeid
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på forelesingar og sjølvstudium. Det blir avslutta med ei fordjupingsoppgåve der det er venta at kandidaten kan demonstrere god oversikt over pensum gjennom eit sjølvstendig arbeid basert på akademisk teori og metode.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er to arbeidskrav i emnet:

  1. Studentane skal levere prosjektskisse med arbeidstittel/problemstilling for fordjupingsoppgåve i emnet. Skissa skal vere på ca. 500 ord og skal forklare temaval, mogleg teori, og kva ein treng av materiale, metode (korleis oppgåva skal gjennomførast praktisk) og kva studenten ønskjer å belyse med dette arbeidet. Eit forslag til fordjupingsoppgåve for MEV221 skal leverast i Canvas innan ein gitt frist. Dei som ikkje leverer innan fristen, kan miste retten til rettleiing.
  2. Gjennomføre obligatorisk emneevaluering ved slutten av semesteret - innlevert i Canvas.
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
170
Emneansvarleg: 
Erling Sivertsen
Kristian Fuglseth
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • Medieproduksjon - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på semesteroppgaven.
Lengden på oppgaven skal utgjøre omlag 5 000 ord + litteratur og evt. vedlegg.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Muntlig justerende eksamen om oppgaven og høring i pensum for MEV221.
Godkjent av: 
Kate Kartveit