Semestre

MGL1-7DKL Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon

Emnekode: 
MGL1-7DKL
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Digital literacy and educational media production
Emnenavn på bokmål: 
Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Førsteklassingane i norsk skule møter undervisninga med erfaring frå ulike digitale medium, både når det gjeld bruk, læring og deling. Dette emnet gir ei fordjuping i profesjonsfagleg digital kompetanse og tek for seg korleis skulen og læraren kan møte og ta i bruk desse erfaringane til fagleg og sosial læring, og korleis ein kan utvikle erfaringane gjennom begynneropplæringa og vidare gjennom skuleløpet i takt med elevane si utvikling.

Didaktisk arbeid med digitale og multimediale ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Mange kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Konsum, produksjon og deling av medieinnhald har vorte ein stor del av barne- og ungdomskulturen. Emnet har eit særleg fokus på profesjonsfagleg digital kompetanse, mediebruk og medieproduksjon for læring knytt til begynneropplæring og årstrinna 1.-7. Gjennom kunnskap og ferdigheiter i korleis ein kan bruke til dømes tekst, lyd, bilete og video, og korleis dei vert produsert og sett saman til meiningsfulle innhald i ulike faglege kontekstar, vert studenten i stand til å bruke og skape relevante multimediale ressursar i læringsarbeidet.

Emnet har følgjande fagområde:

  • Digital- og mediekompetanse på faga og elevane sine premissar
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse, digital danning og mediepedagogikk
  • Medieidentitet og mediekultur blant elevar på 1.-7.trinn
  • Undervisningsplanlegging og læringsdesign med multimediale læringsressursar
  • Didaktisk medieproduksjon med elevar på 1.-7.trinn

Studenten vil gjennom emnet få ei særleg forståing for korleis ein kan legge til rette for, gjennomføre og evaluere læringsarbeid med eigne og andre sine multimediale læringsressursar i ulike faglege kontekstar, i samarbeid med elevane. 
 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om born sin mediekultur og tidlege digitale og mediale erfaringar, ferdigheiter og danning
  • har kunnskap om skulen og læraren sitt ansvar ift. nettjuss, nettvett og etikk både i begynnaropplæringa og på mellomtrinnet
  • har kunnskap om korleis skulen kan bruke digitale verkty i arbeidet med sosial utjamning
  • har innsikt i den digitale kompetansen si rolle i gjeldande læreplanverk, styringsdokument og rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse
  • har kunnskap om fagdidaktisk potensiale i og utfordringar ved bruk av digitale media
  • har kunnskap om digital danning og dømmekraft, mellom anna i sosiale læringsnettverk, kjeldebruk og personvern
  • har innsikt i korleis digitale media kan nyttast til tilpassinga av undervisning til den einskilde eleven sine føresetnadar og behov
  • er kjent med, og har forståing for, forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring.
  • har kunnskap om produksjonsprosessar i tekst, bilete, lyd, film og multimodale tekstar og digitale læringsverkty.
  • er kjent med det mediefaglege feltet knytt til mediepedagogikk, mediedidaktikk og ’media literacy’
  • har kunnskap om mediepedagogisk læring og undervisning med fokus på læring både om, med og gjennom ulike medium
  • har kunnskap om korleis bruk av medium gir meirverdi i eit arbeid og om læringsprosessar i eit utvida perspektiv
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan produsere, bruke og evaluere digitale og mediale verkty og ressursar effektivt for nytte i ein læringssamanheng, til dømes bruk av nettbrett, app-ar, bilde, lyd og musikk i begynneropplæringa
  • kan rettleie og vurdere elevane sine medieproduksjonar og multimodale tekstar
  • kan systematisk planleggje, gjennomføre og evaluere digitale arbeidsmåtar gjennom strategisk læringsdesign i undervisning i eigne fag
  • kan identifisere, analysere og kritisk reflektere over moglegheiter og utfordringar knytt til bruk av digitale media i elevane sin læringsprosess
  • kan reflektere kritisk over eigen praksis og justere den under rettleiing
  • kan kritisk lese og ta i bruk kunnskap om relevante resultat frå vitskaplege artiklar og forskingsarbeid i praktiske og teoretiske akademiske oppgåver og gjere grunngjeve val
  • er kjent med forskingsmetodar og kan gjennomføre eit feltarbeid ut frå faga sine premissar.
  • har utvikla analysekompetanse i fagplanarbeid, og har utvikla fagkritisk forståing for å iverksetje læringsarbeid som er i tråd med gjeldande læreplanar
  • kan identifisere og analysere profesjonsfaglege problemstillingar knytt til digitale læringsformer og bruke denne innsikta i eiga undervising og forskings- og utviklingsarbeid

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan produsere eigne læringsressursar og legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis lage ulike mediale produkt.
  • kan planlegge og lage varierte oppgåver og prosjekt over tid, individuelt eller gruppe
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet kombinerer seminar- og nettbasert læringsarbeid. Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til undervisning.

Arbeidskrav:

  1. Arbeidsoppgåver gjennom semesteret, også knytt til feltarbeid i praksis, vil inngå i ei arbeidsmappe der alle arbeidskrav skal vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen.
  2. Eit utval av desse arbeida vil inngå i eksamensmappa ut frå trekking. Studenten vil kunne vidareutvikle trekte arbeid før endeleg eksamensinnlevering.

Utstyrskrav:
Studenten må disponere berbar PC og enkelt kamera/videoutstyr (min. godt mobilkamera).

 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Synnøve Hedemann Amdam
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn