Semestre
MGL1-7EN1B Engelsk 1B
Ingen
Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæring i engelsk. 1-7ENG 1B omfattar engelskundervisning for dei fyrste åra i barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk, med særleg fokus på den fyrste engelskopplæringa. Det gir også ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp (med særleg fokus på lydsystemet), kjennskap til kulturen i engelsktalande land, og bruk av ulike kulturelle uttrykk, mellom anna barns mediekultur, i barneskulen. Vidareutvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på engelsk tale.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- vidare kunnskap om begynnaropplæring i engelsk, og korleis forsking på begynnaropplæring kan gjennomførast
- innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene
- kunnskap om sentrale dokument i engelskfaget, tverrfaglege tema, nasjonale prøver og det europeiske rammeverket for språkfaga
- kunnskap om eit breidt utval læremiddel og ressursar i engelskfaget, inkludert graded readers og digitale ressursar
- kunnskap om varierte tilbekemeldings- og vurderingsformer, undervegs og sluttvurdering
- grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på lydsystem og variantar av engelsk
- kjennskap til trekk ved kulturen og samfunnsforhold i engelsktalande land
- kjennskap til engelskspråklege kulturuttrykk som kan brukast i undervisning av barn, som til dømes songar, rim, samansette tekstar, film og dataspel
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg i ulike situasjonar tilpassa målgruppa, og vere ein god språkmodell for elevane
- leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert og differensiert læringsarbeid som fremjer vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene
- bruke og vurdere digitale ressursar til språklæring, i eige klasserom og i samarbeid med andre skular via internett, asynkront og i sanntid
- utøve ein læringsorientert vurderingspraksis
- rettleie elevar i språkutviklinga deira gjennom å gjere dei medvitne om korleis språket er bygt opp
- lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge, og nytte slike kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg
- skaffe seg kunnskap om og analysere viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land, inkludert situasjonen til urfolk, og bruke dei i undervisning for målgruppa
Studenten kan
- formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn
- reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. Ein studietur til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) inngår i emnet.
Frammøtekrav:
- obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar
Arbeidskrav:
- deltaking i studietur til York
- ein munnleg, 15 minutts presentasjon med IKT-støtte
- to skriftlege arbeid over oppgitt tema på 1000 ord kvar
- ein logg med minimum 4 innlegg på minimum 200 ord kvar. Eitt av innlegga skal vere munnleg, og eitt skal handle om eller gjere bruk av eitt digitalt læremiddel (eit program for nettbrett eller datamaskin, eller liknande)
To av logginnlegga og eitt av dei skriftlege arbeida skal vere knytt til studentens praksis og reflektere over denne. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Mappa skal innehalde dei to skriftlege arbeida (sjå vilkår for å framstille seg til eksamen), omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding, og to logginnlegg valde av studenten sjølv. | |||
Digital eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Videofil, justerande. Erstattar munnleg justerande. |