Semestre

MGL1-7EN1B2 Engelsk 1B

Emnekode: 
MGL1-7EN1B2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i engelsk kultur, litteratur og fagdidaktikk, med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7 ENG1B omfattar engelskundervisning for dei fyrste åra i barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Det gir også ei vidare innføring i fagdidaktikk, kjennskap til kulturen i engelsktalande land, og bruk av ulike kulturelle uttrykk, mellom anna barns mediekultur, i undervisning på barnesteget. Vidareutvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på å reflektere over relevant kulturkunnskap og fagdidaktiske problemstillingar. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

  • vidare kunnskap om begynnaropplæring i engelsk
  • innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene
  • kunnskap om sentrale dokument i engelskfaget, tverrfaglege tema, nasjonale prøver og det europeiske rammeverket for språkfaga
  • kunnskap om eit breidt utval læremiddel og ressursar i engelskfaget, inkludert graded readers og digitale ressursar 
  • kunnskap om varierte tilbakemeldings- og vurderingsformer, undervegs og sluttvurdering
  • kjennskap til metodar for forsking på begynnaropplæring 
  • kjennskap til trekk ved kulturar og samfunnsforhold i engelsktalande land
  • kjennskap til engelskspråklege kulturuttrykk som kan brukast i undervisning av barn, som til dømes songar, rim, samansette tekstar, film og dataspel
Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg i ulike situasjonar tilpassa målgruppa, og vere ein god språkmodell for elevane
  • leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert og differensiert læringsarbeid som fremjer vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene
  • bruke og vurdere digitale ressursar til språklæring, i eige klasserom og i samarbeid med andre skular via internett, asynkront og i sanntid
  • utøve ein læringsorientert vurderingspraksis
  • lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge, og nytte slike kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg
  • skaffe seg kunnskap om og analysere viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land, inkludert situasjonen til urfolk, og legge til rette for arbeid med slike tema i undervisning for målgruppa
Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn
  • reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. Ein studietur til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) inngår i emnet.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

Arbeidskrav:

  • deltaking i studietur til York
  • ein munnleg, 15 minutts presentasjon i kultur, med IKT-støtte
  • eitt skriftleg arbeid i didaktikk på 1200-1400 ord 
  • eitt skriftleg arbeid i kultur på 1200-1400 ord 
  • ein logg med 2 innlegg på minimum 200 ord kvar
  • ein refleksjonstekst på om lag 600-800 ord

Minst eitt av logginnlegga og eitt av dei skriftlege arbeida skal vere knytt til studentens praksis og reflektere over denne. Eitt av arbeidskrava skal vere relatert til ein digital ressurs (eit program for nettbrett eller datamaskin, eller liknande). Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist, og studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Elaheh Tavakoli
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Mappa skal innehalde dei skriftlege arbeida i didaktikk og kultur (sjå vilkår for å framstille seg til eksamen), omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding, og refleksjonsteksten.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Godkjent av: 
Arne Myklebust