Semestre
MGL1-7FOUMA FoU-oppgåve i matematikk
FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt forskingsarbeid i matematikk og i kombinasjon med pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Den skal ta for seg ei problemstilling som er sentral i læraryrket og for matematikkfaget i grunnskulen. Tematisk skal FoU-oppgåva kombinere matematikkdidaktisk og pedagogisk forsking.
Gjennom arbeidet med FoU-oppgåva skal studentane få erfaring med sjølvstendig kritisk refleksjon og argumentasjon. Oppgåva skal skrivast i samsvar med allmenne krav til vitskapleg arbeid. Eit viktig grunnlag for dette arbeidet er ei innføring i sentrale område innan vitskapsteori og forskingsmetode.
Studentane får rettleiing i arbeidet med FoU-oppgåva. Val av tema og problemstilling vert gjort av den enkelte student i samråd med faglærarar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske spørsmål innanfor utdanningsforsking
- har inngåande kunnskap om det temaet som den einskilde har fordjupa seg i
Studenten
- har tileigna seg ferdigheiter i akademisk skriving
- kan bruke relevant forsking i formidlinga av eit samansett fagstoff om det valte emnet
- kan drøfte og ta del i faglege diskusjonar om eige og andre sitt FoU-arbeid
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
- kan ta del og engasjere seg i debattar om matematikkdidaktikk og læring
Undervisning i vitskapsteori og metode vert lagt til obligatoriske seminardagar tidleg i semesteret. Gjennom seminardagane skal studenten utvikle kunnskapar og ferdigheiter for arbeid med eiga FoU-oppgåve. Val av tema skjer tidleg i semesteret.
Det er obligatorisk rettleiing på arbeidet med FoU-oppgåva. Studentar skal delta aktivt i all rettleiing. Om lag midt i semesteret skal studenten presentere arbeidet sitt på FoU-seminaret for medstudentar (1., 2., og 3.årsstudentar i MAGLU) og faglærarar.
Utfyllande informasjon vil ein finne i semesterplan og eige skriv om FoU-oppgåva.
Arbeidskrav:
- Skriftleg utkast til tema og kunnskapsgrunnlag
- Munnleg presentasjon av FoU-oppgåva på FoU-seminaret.
- Innlevering av fyrsteutkast av FoU-oppgåva
Det er obligatorisk frammøte til all undervising i emnet.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avlegge eksamen i emnet. Ein student har to forsøk til å få godkjent eit arbeidskrav, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Oppgåva skal vere på 4000 - 4500 ord. |