Semestre
MGL1-7KH1B Kunst og handverk 1B
Ingen.
Kunst og handverk 1 gir opplæring innan områda kunst, design og arkitektur. Dei to emna skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7. I dette emne skal studenten tileigne seg varierte arbeidsmetodar og ulike materialar, reiskapar og teknikkar, særleg knytt til todimensjonale og digitale flater. Begynnaropplæring i kunst og handverk står sentralt.
Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av faget, og handlar om organisert læring i kunst og handverk, og teoretiske perspektiv på estetiske læringsprosessar og kreativitet. Gjennom førelesingar og fagdidaktiske diskusjonar skal studenten utvikle forståing for faget sin relevans i eit samfunnsperspektiv. Perspektiv på korleis faget i grunnskulen også er eit yrkesførebuande fag, skal kome fram. Gjennom studiet er intensjonen at studenten utviklar ferdigheiter som rettleiar for elevane i deira skapande prosessar og læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om undervisningsplanlegging i kunst- og handverksfaget, 1.-7. trinn, særleg knytt til todimensjonale- og digitale flater
- har kunnskap om materialar, teknikkar og reiskapar som er relevante for arbeid med todimensjonale og digitale flater
- har kunnskap om korleis nasjonal kunst- og formkultur kan verte tolka og brukt som utgangspunkt for barn sitt skapande arbeid
- har kunnskap om estetiske læringsprosessar og kreativitet
- har kunnskap om barn si læring i arbeid med to- og tredimensjonale materialar
- har kunnskap om korleis ulike digitale mediar kan bli brukt til faglege føremål, og formidling
- har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk
- har kunnskap om visuelle verkemiddel, og korleis desse påverkar kommunikasjonen ved eit biletuttrykk.
Studenten
- kan planleggje kunst- og handverksundervisning på ulike trinn i 1.-7. klasse, og grunngi faglege val
- kan arbeide målretta og grundig med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosessar
- kan formidle delar av lokal og nasjonal kunst- og formkultur på varierte måtar, og gjennom dette stimulere eleven sitt visuelle referansegrunnlag og miljøbevisstheit
- kan nytte materialar, reiskapar og teknikkar for å nå KOH-faget sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
- kan nytte og vurdere 2d-digital teknologi, læremiddel og læringsressursar for å nå KOH-faget sine kompetansemål og sikre fagleg progresjon
- kan nytte teikning både som språkform og verktøy i skissearbeid og konseptutvikling
- kan organisere utstillingar av elevarbeid, og på andre måtar synliggjere faget på ulike arenaer
- kan nytte visuelle verkemiddel, og gjennom dette påverke kommunikasjonen etter bestemte intensjonar.
Studenten
- kan gjere greie for korleis praktisk og skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer kjensler, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
- ser elevar sine kulturelle skilnader som ein ressurs, og kan utnytte mangfaldet som utgangspunkt for meiningsfulle oppgåver, respekt og anerkjenning
- kan gjere greie for korleis val av materialar, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
- kan generere tverrfaglege arbeidsformer gjennom å invitere andre fag til praktisk, teoretisk og didaktisk samarbeid
- kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for fagleg utviklingsarbeid med ei systematisk og forskingsmessig tilnærming, og kjenne normer for ansvarleg bruk av innsamla informasjon.
- kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning i digitale omgivnader, aleine og i samarbeid med andre, med utgangspunkt i styringsdokument og forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- kan forstå korleis den digitale utviklinga utvidar og endrar faget sine vurderingsformer og arbeidsmetodar
- kan bidra til at lærarstudenten utviklar digital dømmekraft og medvit.
Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikkar og verkty som studenten skal meistre.
Mindre ekskursjonar kan bli lagde til område utanfor høgskulen, og studentane må sjølve dekkje reiseutgifter og inngangsbillettar. Studentar som ikkje har høve til å vere med på desse, må få godkjent alternative opplegg.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Arbeidskrav IB (haust) Praktiske oppgåver innan det faglege arbeidsområde design og visuell kommunikasjon. I tillegg leverer studentane mindre fagdidaktiske undervegs-refleksjonar knytt til elevar si læring innan faget.
- Arbeidskrav IIB (vår) Praktiske oppgåver innan det faglege arbeidsområde kunst/todimensjonale flater. I tillegg leverer studentane mindre fagdidaktiske undervegs-refleksjonar knytt til elevar si læring innan faget.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Studentane betaler ei materialavgift på kr 500 til innkjøp av fellesmateriale.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital mappe med skriftlig fagdidaktisk refleksjon og utvalgte praktiske oppgaver. | Alle hjelpemidler tillat. | En Zip-fil bestående av et skriftlig arbeid (1500 ord), og et utvalg praktiske oppgaver. |