Semestre

MGL1-7MA1A Matematikk 1A: Tal og algebra

Emnekode: 
MGL1-7MA1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Dette emnet er fyrste del av Matematikk 1, den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1-7. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på trinn 1-7, med særleg vekt på mellomtrinnet. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7. I emnet vil mellom anna følgjande tema bli vektlagt: talsystem, utvikling av talforståing, rekneartane og utvikling av algoritmar, brøk, desimaltal, prosent, algebra, grunnleggande ferdigheiter, læringsteoriar og arbeidsmåtar i matematikkfaget.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om talforståing, tallære og algebra, og overgangen frå aritmetikk til algebra
  • har kunnskap om brøk, desimaltal og prosent, samanhengen mellom og ulike representasjonar for desse
  • har kunnskap om matematiske lærings- og utviklingsprosessar og ulike syn på læring av matematikk
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i matematikk og progresjonen i desse
  • har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel, som til dømes konkretiseringsmateriell, spel, læreverk og digitale verkty
  • har kunnskap om den historiske utviklinga til matematikken, med vekt på talsystem
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på barnetrinnet og ungdomstrinnet, med særleg vekt på mellomtrinnet og overgangen mellom trinna.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar med fokus på variasjon og elevaktivitet
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring og kreativitet
  • kan kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elevane si matematiske tenking
  • kan tilpasse undervisninga til elevane, mellom anna ved bruk av diagnostisk undervisning
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet har ei tett kopling til praksisfeltet ved at det blir arbeidd systematisk med studentane sine praksiserfaringar. Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og forelesingar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Det er krav til obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.

Arbeidskrav:

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver, der ei av dei er knytt til praksis. Kvar av dei skal vere på 700-1000 ord. Grunnleggjande normer for akademisk skriving skal følgjast.
  • Ei skriftleg prøve på 3 timar i matematikkfaglege tema.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Ingeborg Katrin Lid Berget
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Kalkulator og eitt handskrive A4-ark