Semestre
MGL1-7MA1B Matematikk 1B: Begynneropplæring og statistikk, sannsyn, geometri og funksjonar
Ingen
Dette emnet er andre del av matematikk 1, den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1-7. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på barnesteget, med særleg fokus på begynneropplæring.
Emnet er erfaringsbasert og forskingsbasert, og har difor ei tett kopling til praksisfeltet og høgskulen sine prosjekt knytt til klasseromforsking. Innhaldet er basert på retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 1-7, og matematikkfaglege tema vil vere sannsyn, statistikk, geometri og funksjonar. Det blir lagt vekt på korleis ein i begynneropplæringa kan legge grunnlaget for vidare læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om begynneropplæring i matematikk med vekt på at elevane får utvikle rike omgrepsinnhald og ei funksjonell talforståing
- har kunnskap om matematiske lærings- og utviklingsprosessar i tema som geometri, statistikk, sannsynsrekning og funksjonsomgrepet og korleis legge til rette for at elevar på 1. til 7. steg kan ta del i slike prosessar
- har kunnskap om representasjonsformer, interaksjonsmønster, kommunikasjon og språkets rolle for læring av matematikk og om ulike syn på læring av matematikk
- har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel, som til dømes konkretiseringsmateriell, spel, læreverk, rekneark, dynamisk geometriprogram og andre digitale verkty
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og barnetrinnet, og overgangen frå barnehage til skule.
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elever med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktiviteter, grunngjevingar, argument og bevis
- kan kommunisere med elevar, lytte til, vurdere, gjere bruk av elevar sine innspel og stimulere elevane si matematiske tenking
- kan legge til rette for tidleg innsats og tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov, gjennom val og bruk av kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar
- kan analysere og vurdere elevane si måloppnåing, grunngi vurderingane og gi læringsfremjande framovermeldingar ut frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
- kan førebygge og oppdage matematikkvanskar og legge til rette for meistring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar
- kan legge til rette for at alle elevar får tilstrekkelege faglege utfordringar
- kan bruke digitale verkty i eiga undervisning og i eige studium.
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
- har innsikt i kva matematikkfaget har å seie for utvikling av kritisk demokratisk kompetanse.
Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og forelesingar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.
Emnet har ei tett kopling til praksisfeltet ved at det blir arbeidd systematisk med studentane si praksiserfaring. Vidare vert studentane introdusert for arbeidsmåtar som krev innsamling og analyse av datamateriale frå praksisfeltet. Resultata frå slike studentarbeid skal nyttast i erfaringsdeling mellom studentar, høgskulen og praksisskulane.
Frammøtekrav:
- Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
Arbeidskrav:
- Ei didaktisk refleksjonsoppgåve knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis.
- Ei didaktisk refleksjonsoppgåve om bruk av digitale verkty i undervisning.
- Ei didaktisk refleksjonsoppgåve om kartlegging og vurdering.
- Ei skriftleg prøve på 3 timar i matematikkfaglege tema.
Kvar av dei didaktiske refleksjonsoppgåvene skal vere på mellom 700 til 1000 ord. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 40 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |