Semestre
MGL1-7MA3B Matematikkens historie, geometri og algebra
Matematikken si historie er lang og er på mange område knytt nært opp mot vår kulturelle, samfunnsmessige og historiske utvikling elles. Kunnskap om matematikken si historie er difor viktig for fullt ut å forstå deler av vår generelle historie. Kjennskap til korleis den matematiske kunnskapen har utvikla seg er også nyttig når ein ser på læring i matematikk, og når ein skal forstå kvifor matematikkfaget i skulen ser ut som det gjer. Det vert i emnet særleg lagt vekt på geometrien og algebraen si historiske utvikling, deira innhald og deira plass i skulematematikken.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kunnskap om matematikkens historie og den rolla matematikken har spela i den generelle historiske utviklinga
- har inngåande kunnskap om skulematematikkens historiske utvikling
- har inngåande kunnskap i geometri og algebra, om deira plass i skulematematikken og om ulike sider ved det å lære og å undervise geometri og algebra
Studenten
- kan nytte element frå matematikken si historie for å fremje elevar si læring på 1.–7. steg.
- kan analysere elevar på 1.–7. steg sine munnlege ytringar og matematiske tekstar, særleg innanfor algebra og geometri
Studenten
- kan sjå samanhengen mellom dagens skulematematikk og den historiske matematikken
- kan forstå korleis matematikken si historiske utvikling har vore påverka av samfunnet, samstundes som den har vore med å forme samfunnsutviklinga og den skulen vi har i dag.
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og arbeid i mindre grupper.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Førebuing til og gjennomføring av munnleg presentasjon av utvalde artiklar frå pensum. Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
- Presentasjon av førsteutkast til ei skriftleg oppgåve (sjå vurdering og eksamen). Detaljane i arbeidskravet vert gjort greie for i eit eige notat utlevert ved studiestart.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Om lag 4000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). Det er utarbeidd ein mal for den skriftlege oppgåva. |