Semestre
MGL1-7NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL1-7NA1A, saman med MGL1-7NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i naturfag i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn).
Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
kunnskap om krefter, rørsle og likevekt
kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys
kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar
formlar og namn på uorganiske sambindingar
kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt, syrer og baser, elektrokjemi og kolligative eigenskapar til vatn-løysningar (osmose)
kunnskap om varme, uorden og spontanitet
kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar
Studenten skal kunne
planlegge, gjennomføra og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobbe utforskande
gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn
kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk laboratoriearbeid. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
fagrapport frå to laboratorieøvingar
samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen
Ingen
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | Stått eller ikkje stått | Alle | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått. |