Semestre

MGL1-7NO1B Norsk 1B: Grunnleggjande lese- og skriveopplæring, språkutvikling, multimodale tekstar og kartlegging

Emnekode: 
MGL1-7NO1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

I norsk 1B står begynnaropplæring i lesing og skriving i småskulen sentralt, men også vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene til elevar til og med sjuande klasse. Studentane skal lære å arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene, lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget, og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. I tillegg blir det i 1B-kurset lagt særleg vekt på arbeid med å førebygge lese- og skrivevanskar, og korleis den profesjonelle norsklæraren kan planlegge og gjennomføre relevante tiltak tilpassa den einskilde eleven. I denne samanhengen blir det også framheva korleis ulike kartleggingsverktøy og nasjonale prøver kan brukast konstruktivt i undervisninga, både for å identifisere utfordringar tidleg og for å sette i verk tilpassa undervisning. I tillegg er lese- og skriveopplæring med norsk som andrespråk tydeleg vektlagt.   

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har brei kunnskap om barns språkutvikling, og har kjennskap til forventa progresjon  
  • har kunnskap om ulike tilnærmingar til lesing, skriving og munnleg kommunikasjon, særleg i begynnaropplæringa  
  • kjenner til ulike kartleggingsverktøy, nasjonale prøver og bruken av dei som læringsverktøy
  • har kunnskap om sentrale prinsipp som fremjar inkluderande og tilpassa opplæring
  • kjenner til digitale ressursar til bruk i begynnaropplæringa og kan vurdere lese- og
  • skriveopplæringsmateriell i både bok- og digital form 
  • har kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis med særleg vekt på begynnaropplæring  
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium  
  • har kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk  
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, med vekt på lyrikk og drama for barn
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for norskfaget
  • kjenner reglar for bøyingsverk, syntaks og morfologi i nynorsk og bokmål
Ferdigheiter
  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for val som skal fremme munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar  
  • kan ta i bruk ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa og gjere greie for eigne val  
  • kan oppdage lese- og skrivevanskar og legge til rette for tilpassa opplæring  
  • kan bruke ulike kartleggingsverktøy og legge til rette for tilpassa undervisning på bakgrunn av resultat frå desse 
  • kan bruke digitale hjelpemiddel som læringsfremjande verktøy i undervisninga, og kan vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på ulike elevars læring  
  • kan ivareta elevar med anna morsmål enn norsk, og kunne stimulere til og legge til rette for lese- og skriveopplæring med norsk som andrespråk  
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekster i ulike media  
  • kan vurdere elevtekstar som prosess og produkt, samt bruke ulike vurderingsformer og praksisar tilpassa elev og kontekst  
  • kan finne, søke opp og gjere seg nytte av relevant forskingslitteratur for begynnaropplæring og tilpassa undervisning 
  • meistrar skriftleg bokmål og nynorsk og kan undervise elevar i begge målformer

.

Generell kompetanse
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over norskundervisning i ulike emne og for elevar med ulik bakgrunn, både i begynnaropplæringa og i opplæringa på mellomsteget  
  • kan bruke kunnskap om elevmangfaldet og individuelle føresetnadar til å skape tilpassa opplæring
  • kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige, trygge språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

 

Arbeidskrav:

  • 2 skriftlege tekstar på om lag 2000 ord med erfaringar og refleksjonar frå praksis knytt til læreplan og relevant teori. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk 
  • Gruppeoppgåve med digital forteljing og ein munnleg presentasjon. Studentane skal vise evne til refleksjon rundt arbeidsprosessen og produktet, samt didaktisk bruk av digital forteljing i klasserommet 
  • Ei didaktisk refleksjonsoppgåve knytt til datamateriale innsamla i eigen praksis 
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappeeksamen: Studenten skal velje eitt av dei to skriftlege arbeidskrava og levere denne, i tillegg må mappa innehalde ein refleksjonstekst der studenten grunngjev valet og drøftar innhaldet i lys av fagdidaktiske mål.
Godkjent av: 
Anne Øie