Semestre

MGL1-7NO2B Norsk 2B: Språk- og tekstvitskap

Emnekode: 
MGL1-7NO2B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
7,5
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7NO2A Norsk 2A: Den andre lese- og skriveopplæringa
Om emnet

I Norsk 2B er hovudvekta lagt på språk- og tekstvitskap. Dette blir knytt saman med språkhistorie, målformene nynorsk og bokmål og norsk som andrespråk. I tillegg vil det bli lagt vekt på utvida kjennskap til den andre leseopplæringa, samt kartleggingsverktøy og nasjonale prøver. Kurset tematiserer også nabospråksforståing og nabospråksdidaktikk og nordisk tekstkultur, og studentane vil få tilbod om ein studietur til Danmark med nettopp nabospråk som tema. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei gjennom dette arbeidet skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om den andre leseopplæringa og bruk av kartleggingsverktøy
  • har brei kunnskap om språkleg variasjon og norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om språkhistorie og didaktikk knytt til nynorsk og bokmål  
  • har kunnskap om nordisk tekstkultur
  • har kunnskap om norskfaglege digitale læremiddel
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke kunnskap om didaktikk for å undervise fleirspråklege elevar
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante og varierte uttrykksformer
  •  kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere fagleg utviklingsarbeid i møte med framtidas skule 
  • kan vise faglig engasjement i viktige spørsmål om skule og opplæring
  • kan forholde seg sjølvstendig til forskingsetiske problemstillingar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

For dei som vel å skrive FoU-oppgåve med tema frå norsk: FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig individuelt og empirisk retta forskingsarbeid i kombinasjon mellom norsk og pedagogikk og elevkunnskap i tredje studieår. Sjå eigen emneplan for FOU-oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697.

Arbeidskrav

1) Eit munnleg arbeidskrav 

2) Ei vekes opphald på Schæffergaarden i Danmark med kurs i norsk, svensk, dansk språk og litteratur i lærarutdanninga i regi av Fondet for Dansk-Norsk samarbejde. Dersom ein ikkje har høve til å delta på kurset, får studenten eit skriftleg arbeidskrav 

3) Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Denne eksamensforma skal sikre at studentane sjølve kan gjere utval frå relevant forskingslitteratur og kunne utarbeide ein munnleg presentasjon med høg fagleg kvalitet, tilpassa mottakar og tid. I tillegg må studenten vere budd på å kunne greie ut og reflektere over alle delar av den oppsette litteraturlista.
Munnleg eksamen: studenten førebur ein presentasjon over eit gitt tema (12 min), deretter følgjer ein fagsamtale, der heile pensum blir lagt til grunn (18 min).
Godkjent av: 
Arne Myklebust